Hopp til innhold

Her borar dei der den første skipstunnelen i verda kan kome

KJØDEPOLLEN / STAD (NRK): Meter for meter borar dei seg no gjennom fjellet der den første store skipstunnelen i verda skal byggjast – dersom politikarane legg milliardane på bordet.

BORINGA I GANG: Michael Eliasson sjekkar at boringa gjennom Stad går slik den skal.

Tre milliardar kroner vil tunnelen koste, minst. No har regjeringa kravd nye undersøkingar for å endeleg avgjere skjebnen til eit av dei mest omstridde samferdsleprosjekta i Noreg.

Reint praktisk blir det gjort med å bore eit 1,7 kilometer langt hol tvers igjennom Stadlandet. Ingen tunnel rett nok, men eit hol på 76 millimeter i diameter.

På denne måten kan Kystverket finne ut kor mykje det er av godt og dårleg fjell, og ikkje minst: Ein meir nøyaktig prislapp.

Kan avgjere

Kystverket tek jobben med å sjekke grundig. Her skal ingenting overlatast til tilfeldigheitene.

– Vi får eit mykje betre overslag på kva det kostar å byggje tunnelen og vi får større tryggleik for kor mykje sikring og kor mange boltar, betong og anna vi må bruke, seier prosjektleiar Terje Andreassen til NRK.

– Kan det i verste fall bli avgjerande for om tunnelen blir bygd?

– Dette er eit av dei svara vi skal gje departementet i høve den bestillinga vi har fått.

Varierande kvalitet

Alt i 1874 kom den første ideen om tunnel gjennom fjellet for å unngå det livsfarlege Stadhavet. Sidan 1989 har det vore 20 ulike utgreiingar.

– Stad skipstunnel har vorte greia ut under fleire regjeringar. Eit resultat har vore at kostnadene har auka betydeleg. No tar vi ein gjennomgang for å få kontroll med kostnadane, sa statssekretær Tommy Skjervold (Frp) til NRK nyleg.

I Kjødepollen i Selje kommune borar arbeidarane seg inn i fjellet og hentar ut dei verdifulle steinprøvene. Boresjef Ole Kristian Nybøle veit kva han ser etter.

– Det er litt varierande fjellkvalitet på denne sida. Det er litt dårleg no til å byrje med, men vi reknar med at det blir betre etter kvart.

Stort nok

Prosjektleiar Terje Andreassen er nøgd med svara han har fått så langt, men han vil ikkje forskottere noko.

– Det vi får svar på med å ta ut desse kjerneprøvene, er at vi får dokumentert alle sider av prosjektet. Både kostnadar og usikkerheit.

Dersom tunnelen blir noko av vil den vere stor nok for dei største Hurtigrute-skipa og andre store båtar som då vil unngå det krevjande Stadhavet.

Stortinget vil truleg få saka på bordet til hausten.