I fjor vart det verdifulle kulturminnet skadd under trehogging på kyrkjegarden i Eivindvik.
Framleis er det ikkje avklart kven som har ansvaret for skadane. Men skal steinkrossen blir klar til grunnlovsjubileet i Gulen til neste år hastar det med å kome i gang.
Viktige kulturminne
– Det du ser her er den avslåtte øvre delen med dei tre krossane og øvre del av foten, seier Alf Tore Hommedal.
Førsteamanuensen ved Universitetet i Bergen granskar det som er eit skadd kulturhistorisk klenodium.
Den fint utforma steinkrossen som har stått ved kyrkjegardsmuren i Eivindvik i Gulen kommune, er – saman ein annan stor kross nokre hundre meter unna – viktige kulturminne frå brytingstida mellom heidensk og kristen tru.
– Det at du har desse to steinkrossane i Gulen knytt opp mot Gulatingsstaden gjer dette til veldig sentrale kulturminne. Ikkje berre i regional samanheng, men i nasjonal samanheng, seier han til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Har framleis ikkje plassert ansvaret
I fjor vår blei den nesten tusen år gamle steinkrossen øydelagd då det skulle fellast nokre tre.
Ved eit uhell fall ei stor grein ned på krossen, som knakk i to.
Politiet har brukt halvanna år på å finna ut kven som har ansvaret, personen som hogg eller dei som gav oppdraget. Men brotsverket er enno ikkje oppklart.
- LES OGSÅ:
No hastar det
No hastar det å koma i gang med reoperasjonen dersom krossen skal bli klar til markeringa av grunnlovsjubileet i Gulen neste sommar, seier Hommedal.
– I forkant av sjølve restaureringa må den krossfoten som framleis står ved kyrkja takast opp.
– Det krev ei arkeologisk utgraving, og det må utførast denne hausten for at restaureringsarbeidet skal kunne skje i vinter, og krossen står restaurert til jubileet, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
– Best å flytte den innandørs
Også fylkeskonservator i Sogn og Fjordane, Eva Moberg, ser at tida er i ferd med å renne ut.
Skadane på det nasjonalt viktige kulturminnet er så omfattande at prislappen på reoperasjonane kan bli 550.000 kroner.
Det inkluderer også arbeidet med å ta opp foten på krossen som framleis står ved kyrkja, og ei eventuell arkeologisk utgraving rundt.
Kulturhistoriske ekspertar har funne ut at det ikkje er mogleg å plassere den reparerte krossen tilbake der han har stått. Det er fordi det då må setjast mange boltar inn krossen, i tillegg til eit metallkorsett utvendig, for å gjere han sterk nok, fortel Moberg.
– Vi meiner at det i dette tilfellet er best at den blir flytta innandørs. Eit overbygg ser vi på som lite føremålstenleg. Eit alternativ kan vere i kyrkja, eit anna alternativ er på kommunehuset eller i eit formidlingsbygg.
Ber Gulen kommune om garanti
Moberg presiserer at kulturminneforvaltninga ikkje tek stilling til skuldspørsmålet. Likevel ber dei Gulen kommune om å stille garanti for reparasjonsutgiftene for å unngå forseinkingar.
– Vi forventar at Gulen kommune garanterer for denne summen no.
– Kor fort bør kommunen handsame saka?
– Dei bør handsame den relativt raskt. Sikringsarbeidet ute i felt bør gjerast i haust, og så kan sjølve reoperasjonen skje i vinter, seier ho.
– Fordel å kome i gang snart
Kommunestyret skal ta stilling til garantien tidleg i haust. Rådmann i Gulen, Reidun Halland, har ikkje handsama saka enno, men:
– For vår del hadde det vore veldig flott å kome i gang ganske snart slik at vi i god tid før jubileet kan ha krossen ferdig, og då ta ei avgjerd om kor den skal stå.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: