Den eldgamle steinkrossen i Eivindvik knakk i to, og kommunen vil setje den opp att der den stod ved kyrkja. Men universitetsmuseet i Bergen blånektar. Dei meiner det vil vere for farleg, både for folk og steinkross.
Dei kulturhistoriske samlingane i Bergen vil at dei folkevalde i Gulen skal setja opp ein kopi av den øydelagde steinkrossen i kommunen. Det er ikkje alle samde i.
Den øydelagde steinkrossen i Gulen kan bli reparert til neste sommar, men det vil koste over ein halv million kroner.
Politiet får kritikk for å bruke lang tid på å oppklare brotsverk mot verdifulle kulturminne.
På den kortaste dagen i året klokka 12.00 fall sollyset på den angliske krossen i Eivindvik. Det feira gulingane med å stemme i allsang.
Historie- og steinentusiasten Torbjørn Løland er svært uroa for kva som kan skje med dei eldgamle steinkrossane på den gamle kyrkjegarden i Hyllestad.
Den øydelagde steinkrossen i Gulen blir ei sak for Økokrim. I april skulle det fellast nokre tre for å verne om steinkrossen, men ved ein feil vart krossen delt i to.
– Å flytta den gamle steinkrossen ved Eivindvik inn i kyrkja og reisa ein kopi på det originale staden kan verta ei aktuell løysing, meiner Alf Tore Hommedal ved Universitetsmuseet i Bergen.