Hopp til innhold

Steinkross kan bli flytta innandørs

Den øydelagde steinkrossen i Eivindvik kan bli flytta innandørs.

Krossen i Eivindvik

FØR OG ETTER: Krossen var 2,85 meter høg og segna seier at krossen vart reist av Olav den heilage i 1023.

Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

Bergens Tidende skriv at årsaka er fare for frostsprenging, dersom kulturminnet i det heile teke kan reparerast.

Kulturminnet ved det gamle Gulatinget vart delt i to då ei grein datt ned på krossen i arbeidet med å sage ned eit tre. Dette treet var gammalt og ein frykta at det skulle ramle ned ved uvêr og knuse krossen. Men så ramla greina ned og krossen blei øydelagd.

Krossen er truleg frå år 1023 og reoperasjonen startar i midten av mai. Men det vil bli eit prosjekt med mange utfordringar. Krossen vil ikkje bli slik han stod før dette uhellet skjedde.

– Same kva metode vi brukar for å reparere den, vil den for alltid ha eit svakt puntk som vere utsett for slitasje. Dermed vil det lettare kunne oppstå ein ny skade, seier førsteamanuensis Alf Tore Hommedal ved Universitetsmuseet i Bergen til BT.

Frostsprenging kan bli eit problem, og krossen kan difor få det betre innandørs.

– Det er eit alternativ, men vi håper mest på å ta vare på krossen i det autentiske miljøet sitt, seier han.

Kross i Eivindvik

HER STÅR DEN: Eit alternativ er å flytte krossen innandørs for å bevare den for ettertida.

Foto: Belinda Fosse Haveland