I april vart krossen frå Krossen frå år 1023 delt i to under ein dugnad, og no vert det gjort vurderingar for kva som er den beste løysinga i Gulen. Hommedal argumenterar for å plassera krossen innandørs.
– Då er steinkrossen verna, slik at den ikkje blir utsett for ver og vind slik den står no, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vurdere å flytte den innandørs
Etter uhellet under dugnadsarbeid ved Eivindvik kyrkje i Gulen i april, der den nesten 1000 år gamle steinkrossen vart delt i to, har det vorte vurdert fleire løysingar.
Tidlegare vart det konkludert med at det ikkje er mogleg å setja opp krossen i sin originale form att, og eit forslag som no vert vurdert er å plassera krossen under tak.
– Inne i kyrkja er eit alternativ, eller ein annan stad i nærleiken, seier Hommedal.
Likar ikkje ideen om kopi
Varaordførar i Gulen, Arve Mjømen, er ikkje positiv til det nye forslaget.
– Ved å plassere ein slik kross inne, blir den ikkje til lett tilgjengeleg for alle, slik den blir når den står ute. Ein kopi er heller ikkje noko god løysing. Til det tykkjer eg krossen er altfor verdifull.
Det er framleis ei stund før ei endeleg avgjerd vert teken. Ein av dei som er med på avgjerda, er Eva Moberg som er fylkeskonservator i Fylkeskommunen Sogn og Fjordane. Ho fortel at dei to løysingane som no er aktuelle er å setja krossen innandørs eller å setja opp den originale med eit kraftig korsett som støttar opp.
– Det viktigaste for oss er å finne ei fagleg forsvarleg løysing. Vi må også ha ei lokal forankring på det, noko som lokalt blir ønska.
(Artikkelen held fram under biletet)
HER STÅR DEN: Eit alternativ er å flytte krossen innandørs for å bevare den for ettertida.
Foto: Belinda Fosse Haveland- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ønskjer seg glasmonter ute
Men ein del av den lokale forankringa, varaordførar Arve Mjømen, set ikkje pris på alternativa som no ligg på bordet. Han ynskjer seg ein glassmonter for krossen på sin originale stad
– Eg trur at dersom det er mogleg å støype den inne i ein glasmonter, så ville det vore mykje greiare enn eit korsett
Hommedal ved Universitetsmuseet i Bergen fortel at løysinga har vore oppe til vurdering, men at det vil ta lang tid før ei konkret løysing er på plass i Gulen.
– Vi må sikre oss at vi får den beste løysinga for krossen, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: