Hopp til innhold

Uroa for tryggleiken til eldgamle steinkrossar

Historie- og steinentusiasten Torbjørn Løland er svært uroa for kva som kan skje med dei eldgamle steinkrossane på den gamle kyrkjegarden i Hyllestad.

Torbjørn Løland

UROA: Torbjørn Løland vonar no at det vert avklara kven som har ansvaret for å sikre framtida for dei gamle steinkrossane.

Foto: aafjordstein.no / sfj.no / arkiv

Dei tre krossane står i kvar sitt hjørne på den gamle gravstaden, og med åra har det vakse opp store tre rett ved dei.

– Det kan jo bli så gale at vinden kan bryte ned desse trea, då vil dei falle på steinkrossane og i verste fall bryte dei sund. Vi har jo ei litt stygg sak i minne, og det var etter det at eg tenkte at dette må ikkje skje med oss, seier Løland til NRK.

Brakk i to i Gulen

Hendinga han tenker på er det som hende ved kyrkja i Eivindvik i Gulen tidlegare i år. Under trefelling var dugnadsgjengen uheldig og eit tre datt på ein av dei gamle steinkrossane. Kulturminnet ved det gamle Gulatinget vart delt i to.

– Det er ein skade som vil vere veldig synleg, sjølv etter at han er reparert, sa fylkeskonservator Eva Moberg etter hendinga.

Hyllestad steinkrossar

SLIK ER DET: Dei flotte steinkrossane er delvis skjult i terrenget. Frå saksdokumenta til fylkeskommunen.

Frå middelalderen

Krossane ved den gamle kyrkjegarden i Hyllestad er truleg ikkje like gamle som dei som står i Eivindvik.

– Vi har jo ikkje noko datering på dei, men vi reknar med at dei er laga i middelalderen. Det er tre krossar som står i kvar sitt hjørne på den gamle kyrkjegarden, fortel Torbjørn Løland.

Han har gjennom mange år vore ein av dei som verkeleg har stått på for å gjere steinhistoria i Hyllestad kjend, ikkje minst gjennom kvernsteinsparken.

– Må takast vare på

Løland ser ein klar samanheng mellom det å ta vare på desse minnene, og dei gamle steinkrossane frå tidleg kristen tid.

Steinkross i Gulen

KNAKK I TO: Ein av steinkrossane i Eivindvik knakk i to då den fekk ei stor grein over seg.

Foto: Laila Indrebø / NRK

– Krossane er jo og laga her, så det eine følgjer det andre. Vi kan ikkje vere bekjent av at noko slikt kan bli øydelagt her. Vi torer ikkje å hogge ned desse trea sjølv, vi må ha på det reine at dette vert gjort på ein sikker og ein skikkeleg måte, seier Løland.

Etter at han sende uromelding til fylkeskommunen, har dei teke saka vidare med Riksantikvaren for å finne ut kva ein kan gjere med denne utfordringa.

– Vi er i ein dialog med Riksantikvaren om dette, stadfestar fylkeskonservator Eva Moberg.