Det er tidlegare fylkesarkivar, Hermund Kleppa, som i dagens Sogn Avis ropar varsku for det mellom 700 og 800 år gamle gravminnet på kyrkjegarden i Indre Hafslo i Luster.
– Etter Kulturminnelova er det automatisk freda, seier Kleppa.
Åtvara for 20 år sidan
Gravminnet er truleg frå 1200-talet, og blir av Kleppa skildra som eit verdfullt minne om Fet som gamal kyrkjestad og kyrkjegard.
GAMALT: Dagens kyrkje var bygd i 1894, men ein veit at det har vore kyrkje på Fet sidan 1200-talet.
Foto: Merete Husmo Høidal / NRKI 1994 var steinen, som også er ein Stedjestein, så forvitra og mosegrodd at han varsla Riksantikvaren.
– No i 2012 er stoda den same, seier han til avisa og undrar seg over kven som har ansvaret for gravminnet.
Viser til fellesrådet
I 1994 opplyste Riksantikvarnen at det i første instans er forvaltaren av kyrkjegarden, det kyrkjelege fellesrådet, som har ansvaret.
- LES OGSÅ: Arkeolog fryktar for kulturminna
– Det fellesrådet kan gjere, slik eg ser det, er å gjere overordna instansar merksam på at her må noko gjerast, få brakt under tak, sikra på forsvarleg måte, få ordna med skjøtsel, vedlikehald og folkeopplysning, seier han til Sogn Avis og er usikker på om så har skjedd.
Ynskjer kopi
Kleppa har også engasjert seg kring runesteinen ved Stedje kyrkje i Sogndal. Den kring 1.000 år gamle runesteinen vart i vinter øydelagd under snørydding.
- LES OGSÅ: – Kjempetap om steinen er øydelagd
Før helga vart også ein keltisk steinkross frå år 1023 øydelagd utanfor Eivindvik kyrkjegard i Gulen. Ironisk nok skjedde det i eit forsøk på å hindre at krossen vart øydelagd.
- LES OGSÅ: – Det er blitt tett mellom øydelagde kulturminne
- LES OGSÅ: Kan ende opp med klekkeleg bot
– Eg har teke til orde for å berge originalen og setje opp ein kopi på staden, seier Kleppa om runesteinen på Stedje.