Hopp til innhold

Ordførar: - Steinkrossen må opp att

Steinkrossen i Eivindvik som vart øydelagt under trefelling, må opp att. Det seier Gulen-ordføraren.

Steinkross i Gulen

POLITI: Lensmannen i Gulen er informert om skadene. Det er uklårt kva som vil skje vidare.

Foto: Laila Indrebø / NRK

– Det er veldig trist og tragisk at noko slikt skal skje med eit så gammalt og flott kulturminne.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp) synest det var fortvilande å få meldinga om at steinkrossen frå år 1023 vart øydelagt fredag ettermiddag. Det skjedde paradoksalt nok då ein skulle felle eit tre som ein frykta kunne velte over krossen.

Oppedal seie dei var klar over risikoen ved arbeidet.

– Ja, faktisk så diskuterte vi i forkant at det kunne vere ein fare for det.

– Det var kyrkjeleg fellesråd og kyrkjeverjen som hadde ansvar for arbeidet. Dei diskuterte med kommunen at ein skulle ta forholdsreglar.

Må reparerast

Krossen i Gulen

ØYDELAGT: Steinkrossen har overlevd to verdskrigar og tallause stormar og uver. Men ikkje ei enkel trefelling.

Foto: Laila Indrebø / NRK

Sjølv om det er usikkert om krossen lar seg enkelt reparere, meiner ordføraren at det må prioriterast.

– No må vi setje inn alle klutar for å få krossen opp att. Det er det som blir arbeidet vidare.

– Er du sikker på at den lar seg reparere?

– Det såg ut som det var eit reint brot. Så eg har trua på at vi skal greie det.

– Kven skal ta rekninga?

– Det har vi ikkje diskutert.

– Vil du reparere den uansett pris?

– Ja. Den må opp att. Det er ikkje sagt at vi i kommunen skal ta kostnadane. Men den må på plass att, slår Hallvard Oppedal fast.

Les meir om steinkrossane i Eivindvik i fylkesleksikonet.