Hopp til innhold

Reagerer på konkurranseutsetjing av attføringstiltak

Luster-ordførar Ivar Kvalen reagerer sterkt på regjeringa sitt vedtak om at attføringstiltak skal ut på anbod.

Ivar Kvalen

MISNØGD: Luster-ordførar Ivar Kvalen hadde helst sett at kommunen fekk halde fram med å ha kontroll på attføringsbedrifta.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Den nye regjeringa har gitt kommunane beskjed om at ein del tiltak og tilbod til folk som treng spesiell oppfølging i arbeidslivet, skal konkurranseutsetjast.

Det forargar Kvalen. Luster kommune eig bedrifta Luster arbeidssenter AS, der det jobbar folk for å få andre ut att i arbeid, etter at dei av ymse årsaker har hamna utanfor arbeidslivet.

– Regjeringa har bestemt at denne type tenester skal konkurranseutsetjast. Altså at det blir ein rein anbodsprosess rundt det, seier Kvalen.

Har drive tenesta godt

Allereie 1.1. 2015 skal den nye ordninga tre i kraft, noko Kvalen tykkjer er i kjappaste laget.

– Vi har drive denne tenesta veldig godt, veldig rimeleg og med gode resultat. Dette kontoret er såpass lite at det ikkje vil overleve med den nye ordninga, seier Kvalen.

Han legg til at Luster ser på alternative løysingar, som til dømes å slå seg saman med andre.

– Men eg meiner at dette er ein prosess som er litt meiningslaus, seier Kvalen.

Han peikar på at når kommunen allereie i dag driv tenesta godt, så burde ein kunne få halde fram med det.

– Men vi får ta diskusjonen og sjå kva vi skal gjere. At dette skal konkurranseutsetjast, verkar litt meiningslaust, seier Kvalen.

Må bli samde om vegen vidare

Meldinga frå regjeringa skapte også ei viss forvirring kring Sogneprodukt, som er ei interkommunal teneste for kommunane i indre Sogn.

– No vil mellom anna Sogneprodukt, som alle regionkommunane er medeigarar i, bli kalla inn til eit møte der vi må bli samde om korleis vi skal gjere dette vidare, seier Kvalen.

Han er også på jakt etter tilleggsopplysningar som kan seie noko om kva konsekvensar dette har for viktige tiltak for å få folk ut i arbeid.

Kan godt samarbeide

– Dei gjer ein god jobb for folk som av ulike årsaker har vore ute av arbeidslivet. Det må ein sikre og ha med seg vidare i framtida, seier Kvalen.

– Men er dette ei kommunal oppgåve?

– Fordelen med dei lokale bedriftene er at dei kjenner det lokale næringslivet godt, og veit kva bedrifter som passar til kvar person. Eg meiner dette er ei kommunal oppgåve som kunne halde frå med å vere det, seier Kvalen.

Han legg til at ein godt kan samarbeide på tvers med andre kommunar, men at ein må passe på at tilbodet no ikkje vert monaleg dårlegare enn i dag.

– Vi kollegaer i regionrådet må vere klare på at ting går raskt framover, slik at vi kan gjere våre arbeidstilretteleggingsbedrifter rusta, og støtte dei i denne raske prosessen, seier Kvalen.