Hopp til innhold

Praktscoring sende Sogndal ned på sisteplass

FOSSHAUGANE CAMPUS (NRK): Lillestrøms første siger sidan serieopninga sende Sogndal ned på sisteplass i eliteserien. Og for ei scoring det var.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Lillestrøm.

BRASSE: Her har nettopp Simen Kind Mikalsen brassesparka ballen mot mål. Tidelar seinare låg ballen i mål.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg bestemte meg tidleg for å komme først på den og heldigvis fekk eg eit godt treff, seier målscorar Simen Kind Mikalsen til NRK etter kampslutt.

Målet han snakkar om kom i det 63. minutt og det vart kampen einaste scoring. Og det einaste skotet på mål. Sogndal-keeper Mathias Dyngeland boksa ein corner rett opp og frå 11 meter brassesparka Kind Mikalsen ballen over hovudet til Bjørn Inge Utvik og i mål.

Trass i at Kind Mikalsen er venstreback er det ikkje først gang han scorar på brassespark. 14. oktober i 2012 scora han også på brassespark, den gang for Ull/Kisa mot Bærum i førstedivisjon, den gang også med Arne Erlandsen som trenar.

Kva er oddsen for det?

Utanom scoringa skjedde det fint lite på Fosshaugane og heimelaget hadde ikkje eit einaste skot på mål. Kind Mikalsen sitt brassespark vart faktisk den einaste avslutninga på mål i heile kampen.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Lillestrøm.

JUBEL: Lillestrøm-spelarane kunne jubla for siger, for første gong sidan serieopninga mot Sandefjord.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det er sånn det går for oss om dagen. Det meste går imot oss. Venstrebacken kjem opp og brassesparka ballen i mål, kva er oddsen for det?, seier Sogndal-kaptein Henrik Furebotn etter kampen.

Også Sogndal-trenar Eirik Bakke var skuffa over resultatet.

– Vi hadde ballen mykje og fekk kampen inn i vårt spor, men vi klarte ikkje å skape sjansane. Gutane gjorde ein fantastisk innsats, men vi må bite tenna saman og heva oss mot Haugesund neste helg, seier Bakke.

I Lillestrøm-garderoben var stemninga mykje betre, etter ein periode med fire strake tap.

– Dette var utruleg viktig for oss. Vi har hatt nokre dårlege og nokre gode prestasjonar i det siste, utan at det har gitt poeng, seier matchvinnar Kind Mikalsen.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Lillestrøm.

FORSKJELL: Lillestrøm-kaptein Frode Kippe hadde god grunn til å smila etter kampen, medan Sogndal-trenar Eirik Bakke måtte sjå laget sitt tape på ny og skadelista bli endå lengre.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Ny skadesmell for Sogndal

Kampens første sjanse fekk Lillestrøm etter sju minutt då Fredrik Krogstad fekk ballen slått skrått ut i feltet, men heilt upressa sende han ballen høgt over Sogndal-målet. Sogndal sin største sjanse før kvilen kom etter eit skot frå hjørnet av 16-meteren frå Gilbert Koomson. Skotet var på veg i lengste hjørne, men gjekk rett utanfor målet.

Alt etter åtte minutt måtte Christophe Psyché av bana med skade. Han vart erstatta av Eirik Skaasheim.

Sogndal måtte klara seg utan Martin Ramsland, som fekk ein skade i hofta under 3–0 tapet mot Vålerenga førre helg.

Tilsvarande kamp mellom laga i fjor enda med 2–2 på Fosshaugane, medan Sogndal tok med seg alle poenga heim frå Åråsen på hausten då dei vann 2–1.

Sogndal stod berre med ein siger på sine fem første kampar i årets eliteserien. Den kom på heimebane mot Stabæk i andre serierunde. Lillestrøm på si side vann årets første seriekamp og så har dei tapt resten.

Laster innhold, vennligst vent..