NRK Meny
Normal

Sogndal-trenaren etter 0-3: – Med Martin Ramsland på bana hadde vi vunne dette

To raske dødballscoringar rett før pause var avgjerande då Vålerenga slo Sogndal på Ullevaal.

Jonatan Tollås Nation og Christian Grindheim

SNUDDE TRENDEN: Jonatan Tollås Nation (t.v.) og Christian Grindheim var på rett plass til rett tid to gonger i slutten av første omgang. Det var nok til å gi Vålerenga første poeng sidan sesongopninga

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Dermed slo heimelaget hardt tilbake etter tre strake tap.

Men utan Martin Ramslands skade etter ein halvtime kunne resultatet blitt eit heilt anna. Det meiner iallfall Sogndal-trenar Eirik Bakke.

– Han er i knallform, og det var hans skade som avgjorde kampen. Med han på bana hadde vi vunne. Dette var svært kjedeleg, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke til Eurosport.

Han utdjupar dette overfor NRK.

– Det var den skaden som vart vendepuktet i kampen. Vi måtte sende midtbanespelarar på topp, og mista trøkket, seier Bakke.

Tidlegare i sesongen mista laget også den andre faste spissen Ole Amund Sveen.

– Det er litt bekymringsfullt akkurat no.

– Vi var gode i forsvar

Vålerengas trenar Ronny Deila var ein glad mann.

– I dag var vi gode i forsvar, der vi har fått mykje kritikk tidlegare. Sogndal hadde knapt ein sjanse, seier Deila.

Vålerenga tok leiinga fire minutt før første omgang var over. Kaptein Christian Grindheim sette hovudet til eit hjørnespark og stupte ballen i mål.

Det var kaptein Grindheims første mål sidan juli i fjor, og Sogndal tredje baklengsmål etter corner denne sesongen.

Og tre minutt seinare før pause dobla Jonatan Tollaas Nation leiinga. Han tok imot eit langt framspel og sette ballen greit i mål.

Skader

To raske markeringsfeil, og Sogndal var brått to mål bak.

– Vi visste det ville bli harde duellar. I dag var vi tøffe nok til å vinne duellane, derfor vann vi kampen, sa Grindheim.

Begge laga måtte gjere tidlege byte på grunn av skader etter rundt ein halvtimes spel.

Først blei Sogndals Martin Ramsland skadd i ein duell og makta ikkje å halde fram. Den første undersøkinga viste at han truleg har brote eit ribbein.

Eit par minutt etter måtte også Vålerengas Muhamed Keita halte av bana.

– Mista slagkrafta

Desse skadane var det Sogndal som tapte mest på. Sogningane si offensive kraft blei nesten heilt borte etter uhellet.

– Vi mista mykje slagkraft då Martin måtte gå ut. Men vi skal uansett ikkje sleppe inn slike mål, sa Sogndals Henrik Furebotn til Eurosport i pausen.

Etter pause hadde Vålerenga full kontroll. Bård Finne avslutta eit fint angrep med å trille inn 3-0 like før ordinær tid var ute.

Artikkelen blir oppdatert!

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Beskyldes for seksuell trakassering

    Carlo Tavecchio, som mandag gikk av som fotballpresident i Italia, blir beskyldt for seksuell trakassering av en tidligere ansatt. En kvinne forteller om en hendelse som skal ha funnet sted på Tavecchios kontor i et intervju med avisen Corriere della Sera.

    Italian Football Federation (FIGC) President Tavecchio looks on during a news conference in Rome
    Foto: Max Rossi / Reuters
  • Minde klar for Wolfsburg

    Den norske fotballprofilen Kristine Minde blir lagvenninne med Caroline Graham Hansen i tyske Wolfsburg fra neste sesong. Tirsdag bekreftet den tyske storklubben signeringen. Minde opplyste selv i forrige uke at hun forlater svenske Linköping.

    Kampen Norge - Belgia under EM fotball kvinner.
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Tre FIFA-toppar utestengde

    FIFAs etiske komité utestengjer Richard Lai frå Guam, Julio Rocha frå Nicaragua og Rafael Esquivel frå Venezuela for livstid. Dei tre FIFA-toppane har sagt seg skuldig i korrupsjon under rettssaka som pågår i New York.

    Julio Rocha og Sepp Blatter
    Foto: Esteban Felix / Ap

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Vi er landslaget - fra gutter til menn