NRK Meny
Normal

Han fryktar at dei aldri vil klare å finne ut kven som sende meldinga til Navarsete

Politiet har bestemt seg for å ikkje etterforske den grove meldinga som blei sendt til Liv Signe Navarsete. Ho er oppgitt over politiet si avgjerd, medan Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fryktar at partiet ikkje lenger skal klare å finne ut kven som stod bak meldinga.

Stortingsgruppa til Senterpartiet

REAGERER STERKT: Liv Signe Navarsete har reagert sterkt på at ho fekk ei grov melding frå ein av dei ti Senterparti-mennene som var på ein fest i Sverige. No kallar Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum inn sentralstyret i partiet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Vedum tek politiet si avgjerd om å ikkje etterforske saka til etterretning, men held fast på at den av dei ti som var på festen som sende meldinga burde ha stått fram.

– Mediemerksemda som har vore har eksponert alle ti veldig i media, men ni av dei har potensielt ikkje gjort det. Navarsete har også fått ei slik eksponering som har gjort at ho har blitt dårleg. Det er det som er krevjande med slike saker, når det blir ein sånn enorm personfokus, seier Vedum.

Ikkje avklart med Borten Moe

Han vil ikkje spekulere i om Ola Borten Moe kan kome attende som nestleiar i Senterpartiet etter alt bråket rundt meldinga som blei sendt til Navarsete.

Moe var sjølv på festen der meldinga blei sendt, men har heile tida nekta for at det var han som gjorde det. Han har midlertidig trekt seg tilbake frå vervet.

– No har fått denne vurderinga frå politiet, og no skal partiet ha eit sentralstyremøte der vi handterer saka i tråd med partiet sine etiske retningslinjer, seier Vedum.

– Kva håp har du no om å finne ut kven som stod bak?

– Vi har ingen andre verkemiddel som parti enn direkte samtalar, direkte spørsmål og ei så djup kartlegging som det generalsekretæren har gjort.

Navarsete er ikkje overraska

Liv Signe Navarsete seier til Bergens Tidende at ho ikkje er overraska når ho høyrer om avgjerda til politiet.

– Det overraskar meg ikkje. Politiet etterforskar berre saker med meg når eg er skurken, ikkje offer, seier ho til avisa.

Ho syner mellom anna til saka i 2008 då ho sat i bilen der ein rådgjevar i Samferdsledepartementet køyrde for fort.

I ein SMS til NRK seier Navarsete at det er partiet som har meldt saka og bør svare.

Det var i slutten av april at Senterpartiet leverte meldinga til politiet etter at ingen av dei ti som var på hytteturen i februar 2016, hadde stått fram innan fristen partiet hadde sett.

Vest politidistrikt seier at det moglege straffbare forholdet i saka er over to år gammalt.

– Vi meiner at saka sitt alvor heldt opp mot dei etterforskingsressursane vi måtte ha brukt, ville ikkje ha vore ei rett prioritering slik vi ser det no, seier politiinspektør Ronny Iden i Vest politidistrikt.

Meiner saka er i grenseland

Politiet meiner det også at eit moment i avgjerda er at meldar har vore kjent med saka i fleire år utan tidlegare å melde den.

– Dette er ei sak som ligg ei god tid tilbake og den ligg nok i grenseland for kva som er straffbart etter straffelova. Vi synest ikkje det er rett og gå i gang med saka.

– Kva signal gir dette?

– Vi har forhalde oss til ei konkret sak der vi har vurdert om vi skal etterforske, og i dette konkrete tilfellet har vi kome til at den ikkje skal gjere det. Det er ei avgjerd som er knytt til denne saka og ikkje til andre saker.

– Så dette er ein type meldingar politikarar må finne seg i?

– Det har ikkje eg sagt i det hele tatt. Men det er ei grense for kva som er straffbart og berre er moralsk forkasteleg og dårleg oppførsel. Eg skal ikkje seie kvar grensa ligg, men i denne saka har vi vurdert at vi ikkje skal inn og etterforske gitt det faktum at saka er over to år gamal.

Trygve Slagsvold Vedum kaller tekstmelding til Liv Signe Navarsete uhørt og ufin.
Vegopning på Bergum i Førde kommune