Hopp til innhold

Borten Moe ber mannen som sende sexmelding til Navarsete om å stå fram

1. nestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe, var sjølv til stades på festen der nokon sende ei grov sexmelding til Liv Signe Navarsete. No forventar han at den som sende meldinga står fram.

Ola Borten Moe

BLANT DELTAKARANE PÅ HYTTETUR: Ola Borten Moe var ein av åtte sentrale Sp-politikarar som var på den mykje omtalte hytteturen i Åre.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Sjølvsagt meiner eg det, seier Ola Borten Moe.

Nestleiaren i Senterpartiet vil at identiteten til avsendaren bak den grove meldinga til Liv Signe Navarsete skal komme fram i lyset. Moe var ein av åtte sentrale Sp-politikarar som var samla til fest på ein hyttetur to år sidan, då det blei sendt ei melding til Navarsete. I meldinga stod det «Vi har lyst på fitta di».

– Eg veit ikkje kven som står bak, seier Moe i ei tekstmelding til NRK.

Ifølgje VG var fleire sentrale og lokale Sp-toppar samla på hytteturen. Desse var Ola Borten Moe, tidlegare statssekretær Morten Søberg, tidlegare politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet, Ivar Vigdenes, noverande Steinkjer-ordførar, Bjørn Arild Gram, tidlegare statssekretær i Kommunaldepartementet, Erlend Fuglum, fylkesråd i Trøndelag, Thomas Iver Hallem, fylkessekretær Rune Hjulstad, Sp-rådgjevar Jostein Grande, og to menn frå Trondheim Senterparti.

– Bør vere vaksen nok til å stå fram

Fleire av festdeltakarane kjem no med krav om at personen bør stå fram.

– Den som sende meldinga gjorde eit overtramp. Eg veit ikkje kven som sende den, men personen bør vere vaksen nok til å stå fram og seie unnskyld, seier Erlend Fuglum.

Fylkessekretær for Trøndelag Senterparti, Rune Hjulstad, var med på hytteturen i 2016. Hjulstad seier han ikkje veit kven som står bak meldinga til Navarsete.

Rune Hjulstad

VEIT IKKJE KVEN SOM ER AVSENDAR: Fylkessekretær Rune Hjulstad seier han ikkje veit kven som står bak meldinga til Navarsete.

Foto: Senterpartiet

– Saka er tragisk, og innhaldet i meldinga kom heilt ut av det blå. Eg veit ikkje kven som står bak meldinga, for då ville eg sagt det. Personen må stå fram, seier Hjulstad.

Festdeltakar Jostein Olav Grande støttar kravet om at personen må stå fram.

– Dette er pinleg for både oss og Navarsete. Vi som var på hytteturen har gått fleire rundar på dette, og utfordra kvarandre på at personen som gjorde dette må stå fram, seier Grande.

Ber om ro til å handsame saka

No er det opp til generalsekretæren i Senterpartiet, Knut M. Olsen, til å gjere det han kan for å finne ut kven som står bak meldinga.

– Vi har jobba med denne saka over lengre tid, og eg ber om respekt for at vi ikkje kan sei noko om detaljane, seier Olsen.

Den tidlegare Sp-leiaren krev at nokon tek ansvar.

– Ein bør vere såpass real at ein står fram og beklagar når ein har gjort noko slikt, seier Liv Signe Navarsete.

Slår ring om Navarsete

Senterkvinnene er blant dei som stiller seg bak Navarsete.

– Ho har blitt utsett for grov trakassering. Personen som har sendt meldinga må beklage, slik at saka kan bli avslutta. Som leiar for Senterkvinnene er eg opprørt over det som har skjedd. Slik oppførsel er uakseptabel, seier Beate Marie Dahl Eide, som er leiar for Senterkvinnene.

Presset er stort også blant Senterungdomen for å få avsendaren til å stå fram.

– Dette er ikkje greitt. Den som har gjort dette må sei unnskyld, seier leiar for Senterungdomen, Ada Arnstad.

Senterpartiets landsmøte 2017.

IKKJE GREITT: Leiar for Senterungdomen, Ada Arnstad, meiner meldinga til Navarsete er alt anna enn grei.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix