Dette skjer trass i at Framstegspartiet i regjering har lova å styrke politiet. Hermansen seier politidistrikta må bu seg på å ha mindre pengar enn i fjor.
– Vi har for låge løyvingar i forhold til ambisjonsnivået. Ikkje minst i forhold til det lange etterslepet vi har, spesielt på investeringar i materiell og IKT. Dette er krevjande, og det krev meir midlar, seier han.
Må kutte i allereie tronge budsjett
Politiet bur seg no på at 2016 kan bli eit år med kutt og nedskjeringar. Ifølgje Politiforum må politimeistrane bu seg på å gjere kutt på to prosent av budsjetta.
For sjølv om regjeringa har lova å ruste opp politiet, vil mesteparten av budsjettauken gå med til å dekke inn store planlagde investeringar i til dømes nye datasystem.
Alt no merkast det at politidistrikta har dårleg råd. I Selje i Nordfjord må lensmannen ta drosje om han skal rykkje ut. Politiet i Sogn og Fjordane har rett og slett ikkje råd til nok politibilar.
- Les også:
- Les også:
Må snu alle steinar
Politidirektoratet skal snu alle steinar før dei avgjer endeleg om det blir kutt i politidistrikta. Uansett kan ein alt no slå fast at det ikkje er nok pengar, seier Hermansen.
– Heller ikkje på kort sikt er det økonomi i norsk politi til å snu den utviklinga vi har sett med stadig forelding, både i bilparken og på IKT-området.
– Vi har signalisert eit behov for ganske store investeringar på kort sikt for å snu trenden.
– Får nok pengar
Statssekretær i Justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen frå FrP, har ikkje villa kommentere Politidirektoratet sine opplysningar direkte, men sa i går til NRK at dei meiner politiet får nok pengar.
– Politiet er tilført 1,5 milliardar kroner sidan vi tok over regjeringsmakta, og får 2,7 milliardar kroner over budsjettet neste år.
– Eg føreset at politimeistrar og Politidirektoratet er i stand til å utstyre politiet med nødvendige verktøy med dei løyvingane som er, var beskjeden frå Brein-Karlsen.
- Les også:
- Les også:
– Eit spørsmål om ambisjonar
Men når politiet skal prioritere mellom oppgåvene betyr det trongare budsjett for politifolka på bakkeplan, stadfestar Politidirektoratet.
– Årsaka til at vi er i denne situasjonen, trass stor budsjettvekst, knyter seg først og fremst til at veksten i budsjettet er knytt til øyremerkte tiltak som gjer det vanskeleg å omprioritere til andre føremål, seier Hermansen.
– Kor mykje pengar trengst?
– Det er eit vanskeleg spørsmål. Det er like mykje eit spørsmål om kva ambisjonar politikarane har for norsk politi.