Hopp til innhold

«Nokre av politibilane står så ofte på verkstad at vi snart må betale husleige...»

To av politibilane i Sogn er i løpet av sommaren avskilta på grunn av rust og slitasje. Nær halvparten av politibilane i fylket er mellom åtte og ti år.

Avskilta og gjennomrusta politibil i Sogn

FINITO: – Denne svartemarja har gjort jobben og er avskilta medan den ventar på siste tur, seier regionlensmann Arne Johannessen i Sogn.

Foto: Stine Kyrkjebø Johannessen / NRK

Utslitte politibiler kjører fortsatt på vegene – Vi har ein kjempeutfordring. Etter mi vurdering har vi nådd eit kritisk punkt. Slik det er no, går det ut over effektiviteten vår, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Fleire av tenestebilane i Sogn passert 200.000 kilometer og burde vore skifta.

– Men det mest kritiske er at vi har for få bilar, seier Johannessen, og peikar på at det mellom anna manglar ein politibil i indre Sogn.

Arne Johannnessen

PREKÆRT: - Vi treng minst to bilar for å akkurat nok. Aller helst hadde vi trengt fleire, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har også kontor som berre har éin bil, men som skulle hatt to eller tre. Det er trist å sjå at vi må redusere aktivitet fordi vi ikkje har nok køyretøy. I einskilde tilfelle kan det også gå ut over beredskapen, seier Johannessen.

Har ni utrangerte bilar i Sunnfjord

I Sunnfjord rullar det 17–18 tenestebilar på vegane. Fleire av dei burde vore parkert – for godt.

– Vi har ni utrangerte bilar som framleis går i teneste. Dei er registrerte i 2006–2007 og er modne for utskifting, seier Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor, som er bilansvarleg i region Sunnfjord.

Han legg ikkje skjul på at ein del av politibilane er altfor mykje på verkstad.

– Vi har ein Mercedes Vito ved kontoret i Førde som nærmar seg 300.000 kilometer. Den har mange overnattingar på verkstaden til Mercedes, seier Faleide.

Sogn «arvar» den gamle politibilen

Rustangrep på politibil.

RUST: Ein av politibilane er angripen av rust.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

For lensmannskontoret i Førde er situasjonen likevel ikkje prekær. Dei har fått løyve til å byte ut den utslitne Vitoen til nyttår. Men det kan ende med at problemet berre vert flytta.

– Det er ein sjanse for at Vitoen vert flytta til Sogn der dei har bilar i manko. Det er jo fint for oss i Førde, men då arvar kollegaene våre i Sogn berre problemet, seier Faleide.

I Sogn er derimot Johannessen lukkeleg viss så skulle skje.

– Vi tek med glede imot Mercedesen i ein overgangsfase. Men nye bilar må til slutt på plass, seier Johannessen.

Utset oppdrag fordi bilane ikkje går

– Omtrent halvparten av bilane er rundt ti år gamle og har gått i snitt 200.000 kilometer, seier regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, som har ti bilar i sin region.

– Nokre av bilane står så ofte og lenge på verkstad at vi snart må betale husleige, seier Hvattum med glimt i auga.

Tormod Hvattum

KREVJANDE: - Viss bilen er på verkstad må ein kanskje prioritere vekk oppdrag, eller utsetje dei, seier regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det hender stadig oftare at politiet må utsetje oppdrag, rett og slett fordi bilane ikkje går – eller står på verkstad.

– Det hemmar sjølvsagt jobben vår, seier Hvattum.

Tillitsvald, Kjetil Drange, i Politiets Fellesforbund Sogn og Fjordane, kjenner situasjonen godt.

– Det er trist at vi skal ha ein bilpark i Sogn og Fjordane politidistrikt som er så dårleg at det går ut over drifta i politidistriktet, seier Drange.