Politibilkrisa: – Ein heilt uhaldbar situasjon

Det er uhaldbart at politiet ikkje har nok pengar til politibilar. Det meiner leiar i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad.

Sigve Bolstad

DISTRIKTA BLØR: Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund meiner politidistrikta blør på kostnad av dei store investeringane.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Bilparken til politiet er så dårleg at bilar må avskiltast utan at ein har råd til å skaffe nye. I Selje har ikkje ein gong lensmannen politibil.

– Dette er ein heilt uhaldbar situasjon. Vi er sette til tene publikum, og då må vi som eit minimum ha køyretøy, og dei må virke, seier Bolstad oppgitt.

Trass i at regjeringa har lova å satse på politiet, er kvardagen ute i politidistrikta at ein ikkje har pengar til å tilsette folk og at utstyr blir gamalt.

Fleire av politibilane i Sogn og Fjordane er så utslitne at dei blir avskilta, utan at politiet har råd til nye.

– Kor er pengane blitt av?

Utviklinga er lik i mange politidistrikt kring om landet. Politimeistrane strevar med å få budsjetta til å henge saman.

Samtidig som regjeringa har lova å satse på justissektoren må lensmannen i Selje, Kjetil Drange, klare seg utan politibil.

Stein Robert Osdal

KRITISK: Stein Robert Osdal er ordførar for KrF i Selje, ein kommune der lensmannskontoret ikkje ein gong har politibil.

Foto: David Haaland

– Det er trist at vi skal ha ein bilpark som er i så dårleg stand at det går ut over drifta av politidistriktet.

Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal frå KrF, reagerer sterkt på at kommunen står utan politibil.

– Når vi veit kor mykje pengar som sidan 2011 har blitt løyvd til politiet, må ein stille spørsmål ved kor dei pengane har gått, seier han.

I Selje må politiet ringje etter taxi, dersom dei må rykke ut.
Lensmannskontoret har nemleg ikkje tilgang på politibil.

– Distrikta må blø

Sigve Bolstad meiner politidistrikta må spare fordi det elles skal gjerast store investeringar i politi-Norge.

Nye IKT-system og eit nytt stort beredskapssenter er åleine varsla å vere investeringar på vel sju milliardar kroner. Resultatet blir ostehøvelkutt i resten av landet.

– Dette er ein direkte konsekvens av at norsk politi har vore sveltefôra i mange år. Det er ikkje nok pengar til å finansiere både dei store løfta, og ha gode nok driftsbudsjett ute i distrikta, seier han.

Vidar Brein-Karlsen, statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet

NOK: Vidar Brein-Karlsen, statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet står fast på at politiet får tilført nok midlar.

Foto: Simon Solheim / NRK / NRK

Meiner dei løyver nok

Bolstad meiner dei store investeringane burde vore tekne ut som eigne postar i budsjetta slik at ein unngår kutta i distrikta.

Statssekretær i justisdepartementet Vidar Brein-Karlsen gir Bolstad rett i at store uløyste investeringar frå tidlegare år tyngar politibudsjetta. Men meiner likevel dei løyver nok pengar til politimeistrane.

– Politiet har blitt tilført 1,5 milliardar kroner sidan vi tok over regjeringsmakta og får 2,7 milliardar over budsjettet neste år. Eg føreset at politimeistrar og Politidirektoratet (POD) er i stand til å utstyre politiet med nødvendig verktøy med dei løyvingane som er.

– Eg ser også at driftssituasjonen er stram, noko som skuldast at POD må gjere ein del fellesgrep som vil kome heile etaten til gode.