Hopp til innhold

Regjeringa skuldar på politiet - det får opposisjonen til å reagere

Regjeringa meiner det er politiet sin eigen feil at dei manglar gode nok politibilar. Det får opposisjonen til å steile.

Avskilta og gjennomrusta politibil i Sogn

FINITO: – Denne svartemarja i Sogndal har gjort jobben og er avskilta. Det er berre ein av svært mange politibilar i Sogn og Fjordane som er i dårleg stand.

Foto: Stine Kyrkjebø Johannessen / NRK

NRK har dei siste dagane fortalt at fleire av politibilane i fylket er svært utslitne. Nokre er blitt avskilta og i Selje har ikkje lensmannen politibil i det heile teke.

Jenny Klinge

KRITISK: Jenny Klinge (Sp) let seg ikkje imponere av svara frå justisdepartementet.

Foto: Bernt Sønvisen

Justisminister Anders Anundsen har ikkje latt seg intervjue om saka, medan statssekretæren hans legg skulda på politiet sjølve.

Tilstanden til bilparken imponerer ikkje opposisjonen. Medlem i justiskomiteen Jenny Klinge frå Senterpartiet er svært kritisk.

– Dette er sterkt kritikkverdig, særleg fordi vi nettopp har vedteke ei såkalla nærpolitireform, seier ho.

Så dårleg står det til med bilparken

Lensmenn kringom i Sogn og Fjordane omtalar situasjonen som kritisk. Dei har fortalt om korleis politibilane i distriktet er så slitne at dei blir avskilta, og at det ikkje finst pengar til å kjøpe nye.

I Selje har ikkje lensmannskontoret politibil i det heile teke . Alternativet blir å rykkje ut med taxi eller privatbil, noko lensmann Kjetil Drange meiner er heilt bak mål.

Det er ikkje akkurat ønskjeleg å køyre overstadig rusa personar i same bil som eg seinare skal bruke til å køyre borna mine på skulen i, seier han til NRK.no.

Politimeister Ronny Iden har i intervju med NRK sagt at det ikkje finst pengar.

– Vi kan ikkje kjøpe bil for meir enn det vi har pengar til, det er den brutale verkelegheita, seier han.

I Selje må politiet ringje etter taxi, dersom dei må rykke ut.
Lensmannskontoret har nemleg ikkje tilgang på politibil.

Vil ikkje late seg intervjue

NRK har forsøkt å få kommentar til dette både frå Politidirektoratet og Justisdepartementet. Politidirektoratet har ikkje kommentert saka, og justisministeren vil ikkje late seg intervjue.

Derimot svarar statssekretær Vidar Brein-Karlsen frå Framstegspartiet i ein epost at dei føreset at Politidirektoratet og den enkelte politimeister syt for at tenestemenn har det utstyret som trengst.

– Vi føreset at POD og den einskilde politimeister sørgjer for at tenestemenn har det naudsynte utstyr og materiell til å gjere den innsats som er forventa i løysinga av dei ulike oppdrag.

– Dette er ikkje bra nok

Ingrid Heggø

TRIST: Seier Ingrid Heggø (Ap) om den dårlege bilparken til politiet.

Foto: Privat

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet meiner svaret er merkeleg.

– Politiet har jo ikkje det ustyret dei treng. Det er trist når ein har hamna i ein situasjon der politiet manglar bilar og har så gamle bilar, seier ho.

Heller ikkje Jenny Klinge frå Senterpartiet er imponert over regjeringa sitt svar, og meiner justisministeren er unnvikande.

– Det er jo litt rart, ein må stå rakrygga i situasjonen når den er som den er.
Det kjem meir pengar til politietaten kvart år, problemet er at det ikkje kjem distrikta og Sogn og Fjordane til gode. Det er ikkje bra nok, seier ho.