P3-Ronny: – Dei bryr seg ikkje om nynorsk. Det er provoserande for meg

Nynorskrussen må betale hundre kroner ekstra for å skrive «raudruss» på russekortet, i tillegg må dei designe resten av kortet sjølv. – Ein bør likestille nynorsk- og bokmålsbrukarar, seier P3-kjendis Ronny Brede Aase.

Ronny Brede Aase

TRIST: Ronny Brede Aase synest det luktar vondt av russebransjen og meiner dei behandlar nynorskrussen som eit blankt kort.

Foto: Tom Øverlie / NRK

– Det er ein kynisk bransje, det synest eg. Dei tilbyr eige design, men dei bryr seg ikkje om nynorsk. Det er provoserande for meg, sa Ronny i morgonsendinga på P3 då han høyrde nyheita.

Brede Aase valde sjølv «raudruss» på sitt russekort då han var russ. Då var det ikkje prisforskjell, men no er russekort på nynorsk både vanskelegare å finne og dyrare å velje enn bokmålsvarianten.

– Eg vart litt sett ut. Det er utruleg trist at dei tillèt seg å ta ekstra betalt for å tilpasse eit russekort med nokre bokstavar, seier han.

Bør vere standardval

Brede Aase synest ikkje at ein hundrings er så mykje, men at dette er ein prinsippsak. Nynorsk skal ikkje vere eit tilval ein må betale ekstra for, meiner han.

Skjermdump frå Russeservice

FORSKJELL: Til høgre er eit standardkort, men om ein vil ha nynorsk logo må ein designe eit eiget kort.

Foto: Skjermdump

– Dette betyr ingenting for dei, nynorskbrukarar er det same som eit blankt kort. Det krev enormt lite ekstra å la raudruss vere eit val. Eg nektar å tru at det kostar ein hundrings for russefirmaet å endre det. Det går an å ta to bokstavar samfunnsansvar, seier Brede Aase.

Viktig å ta vare på nynorsk

Han synest det luktar vondt av russebransjen som håvar inn pengar på ungdommar som kanskje lurar på kva for eit språk dei skal velje i vaksen alder.

– Eg håpar at folk går ut av vidaregåande og har lyst til å bruke nynorsk som skriftspråk og halde på dialekta si. Det er det viktigaste for meg. Når det er så lett for eit russefirma å inkludere alle, også gidd dei ikkje det, så er det eit signal om at når pengane rår er tilpassinga noko som kan kjøpast for pengar.

Men først og fremst synest han det var kjekt å sjå ein gjeng russ på Firda vidaregåande skule reagere på at dei ikkje får den valfridomen utan å måtte betale ekstra for det.

– Sånn sett kjem dei til å gå inn i sitt vaksne liv med eit visst forhold til nynorsk, og det er berre positivt. Det er eg glad for, seier Brede Aase.

Dagleg leiar i Russeservice, Ole Jørgen Smedsrud, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i ettermiddag. Men han har tidlegare sagt dette om saka.

– Eg skjønar at det er leit for dei, men alternativet hadde vore at me ikkje hadde tilrettelagt for denne logoen. Diverre er det så få bestillingar på dette produktet, at det går under eigendesign, seier han.

I ein tidlegare versjon av denne saka, inneheldt teksten eit banneord. Dette er no endra.

Pernille Nedrebø og Thea Louise Esp ser på russekort-val.

RAUDRUSS: Thea Louise Esp, leiar i Firda målungdom, (venstre) og Pernille Nedrebø er ikkje imponert over tilbodet nynorskrussen får frå Russeservice og Russedress.

Foto: Ingvild Eide / NRK