Hopp til innhold

Må betale meir for å få «raudruss» på russekortet: – Teit, seier elevane

Russekort på nynorsk er både vanskelegare å finne, og dyrare å velje enn bokmålsvarianten. No reagerer både Norsk målungdom og nynorskrussen.

Pernille Nedrebø og Thea Louise Esp lagar nynorsk russekort.

RAUDRUSS: Thea Louise Esp (t.v) og Pernille Nedrebø er ikkje imponert over tilbodet nynorskrussen får frå Russeservice og Russedress.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Eg synst det er teit at me må betale ekstra, fordi me vil ha vår identitet på kortet, seier Pernille Nedrebø.

I 2016 fekk Norsk målungdom gjennomslag for nynorske russekort frå Russedress og Russeservice, og i 2017 kunne desse for fyrste gong bestillast.

Elevar ved Firda vidaregåande sjekka ut tilbodet, og er ikkje imponerte.

LES OGSÅ: Mina og Malin skaffet seg russeklær på en helt uvanlig måte

Logoen med «Raudruss» er alt laga av Russeservice og Russedress, men ynskjer ein å bruka den må ein både designe resten av kortet sjølv og betale hundre kroner ekstra.

– Ein kan heller ikkje velje svartruss, kvitruss eller grønruss, seier Thea Louise Esp, som også er leiar i Firda målungdom.

Skjermdump frå Russeservice

TUNGVINT: Til høgre ser me korleis eit standardkort er - klart til å berre fylle ut personalia. Til venstre har NRK prøvd å designe eit eige kort, slik ein må om ein vil ha nynorsk logo.

Foto: Skjermdump

Ikkje forskjellsbehandling

Ole Jørgen Smedsrud, dagleg leiar i Russeservice, seier at marknaden bestemmer.

– Eg ser ikkje på dette som forskjellsbehandling mellom målformer i det heile tatt. Eg tenkjer at dersom ein ynskjer å få eit eige design på russekorta, så har me dette tilbodet. Me kan sjølvsagt ta det bort, men då må russen sjølv laga logo med «Raudruss», fortel han.

LES OGSÅ: Nynorsk provoserer mindre enn før

Låg etterspurnad

Smedsrud er største eigar i selskapet som eig både Russedress og Russeservice, som har tilnærma monopol på marknaden. Han seier at etterspurnaden er for låg til å ha med nynorskvarianten som eitt av standardkorta i nettbutikken.

– Eg skjønar at det er leit for dei, men alternativet hadde vore at me ikkje hadde tilrettelagt for denne logoen. Diverre er det så få bestillingar på dette produktet, at det går under eigendesign, seier han.

Prinsippsak

Elevane meiner at den tungvinte prosessen gjer det mindre sannsynleg at nynorskbrukarar vel sin variant. Dei måtte sjølv leite for å finne nynorskvarianten, og meiner det er viktig å stå på for eiga målform.

– Når det er så mange unge no til dags som er imot nynorsk. Då er det viktig at me som står for nynorsken, får vise det på ein god måte, seier Esp.

– Eg vil at russekortet mitt skal spegle att meg sjølv, seier Nedrebø.

– Den nynorske logoen finst jo allereie, så det kan ikkje vera så vanskeleg å putte den inn på eit standardkort, seier Nedrebø.

LES OGSÅ: Å krevje nynorsk er rein ekstremisme

Dei får også støtte frå Fredrik Hope, leiar i Norsk målungdom.

– Det er jo ikkje snakk om den store summen i forskjell, men det er ei prinsippsak. At det skal koste ekstra å velje nynorsk, synst eg er unødvendig. Eg kan ikkje sjå for meg at det skal vera umogleg å laga noko på nynorsk som er like enkelt å velje som bokmålsvarianten, seier han.