Hopp til innhold

Overraska over Navarsete sitt val

Fylkesleiaren i Liv Signe Navarsete sitt heimfylke, Sogn og Fjordane, er overraska over at Sp-leiaren varslar sin avgang.

Sp-leder Liv Signe Navarsete

VARSLAR SIN AVGANG: Liv Signe Navarsete varsla laurdag sin avgang. I heimfylket er fylkesleiaren overraska over vendinga i saka.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Min første reaksjon er at eg rett og slett berre tek dette til etterretning, og vil no vente på behandling i sentralstyret over helga, seier Karen Marie Hjelmeseter.

Ho er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, og seinast i går varsla ho at Liv Signe Navarsete har full støtte frå heimfylket. Men Navarsete sjølv føler ho ikkje har den nødvendige støtta i partiet.

– Det er ikkje mogleg å ha eit så tøft verv som partileiar utan å vite om ein har tillit, og det har dei siste vekene blitt klart at ikkje alle har den tilliten eg meiner er nødvendig til partileiinga, seier Navarsete til NRK.no laurdag.

(Artikkelen held fram under)

Liv Signe Navarsete ber om avløsning som Senterparti-leder og ber partiet kalle inn til ekstraordinært landsmøte så snart som mulig.

– Litt merkeleg

I heimfylket til Navarsete er fylkesleiaren overraska over vendinga i saka. Ho held fast på at dei meiner Navarsete kan halde fram som leiar av Senterpartiet.

– Eg synest det er litt merkeleg dette. Det er ikkje mange månadane sidan vi hadde eit landsmøte, i april i fjor, og då hadde Navarsete full støtte i alle leirar. Difor blir eg litt overraska over det som no skjer, seier Karen Marie Hjelmeseter til NRK.no.

Men sidan landsmøte i april har mykje skjedd i partiet. Det har vore mykje uro, og i den siste tida har det frå fleire kantar blitt varsla at ordførarar og andre sentrale Sp-folk meiner partiet treng ein ny leiar.

(Artikkelen held fram under)

Karen Marie Hjelmeseter

OVERRASKA: Karen Marie Hjelmeseter er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Greitt med nye kostar no

I går skreiv NRK at det over helga blir eit krisemøte med fylkesleiarane, men dette blir no eit ordinært sentralstyremøte der Navarsete vil be om at det skal kallast inn til eit ekstraordinært landsmøte i Senterpartiet.

– Eg har gått gjennom den samla situasjonen i partiet. Det er viktig at vi no kan få fokuset tilbake på politikk og klarar å skape ro. Det har vore for mykje uro, og eg trur det kan vere greitt med nye kostar no, sa Liv Signe Navarsete til NRK.no umiddelbart etter at ho hadde varsla sin eigen avgang.

Hjelmeseter er derimot klar på at Navarsete har gjort ein god jobb.

– Vi meiner Liv Signe har gjort ein god jobb, og ser ingen grunn til at ho ikkje kan halde fram som leiar. Vi meiner det er viktig å bruke tid, og ha ein god prosess rundt eit leiarskifte, seier Hjelmeseter.

– Hadde Navarsete noko anna val enn å gjere det ho no har gjort?

– Eg vil ikkje meine noko om kva ho skal meine. Det ho har sagt i dag tek eg til etterretning, men eg kan ikkje sjå at ho ikkje kunne ha stått løpet ut og vore med vidare.

Fleire i partiet har sagt at heile partileiinga må vurderast, men det spørsmålet vil ikkje Hjelmeseter ta stilling til no.

– Om Navarsete går som leiar, bør då også nestleiarane Borten Moe og Slagsvold Vedum gå?

– Eg vil ikkje gå inn i noko spørsmål om «viss». Vi ventar til sentralstyret har hatt møte, seier Hjelmeseter som heller ikkje vil seie noko om korleis ei eventuell ny leiing burde bli sjåande ut.

– Navarsete har full tillit hos oss, gjentek ho.