Hopp til innhold

– Berre eit spørsmål om når Navarsete gir seg

Jenny Klinge (Sp) trur ikkje det er lenge til Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete går av.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) frå Surnadal meiner det er på høg tid å skifte ut partileiar Liv Signe Navarsete.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Liv Signe Navarsete

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete har opna for at ho kan gå av som partileiar.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det er tydeleg at Liv Signe Navarsete må gå i løpet av våren eller på neste landsmøte. Alle reknar med at ho gir seg og at det blir eit leiarskifte. Spørsmålet er berre når, seier stortingsrepresentanten til Dagbladet.

– Noko må skje no. Det må bli ro i organisasjonen. Slik situasjonen er for tida, gjer det at partiet ikkje kan fungere godt mykje lenger, seier ho vidare.

Ber om hasteinnkalling

Klinge tek til ordet for at landsstyret vert hasteinakalla for å drøfte grunnlaget for eit ekstraordinært landsmøte før 2015.

– Dersom ikkje Navarsete kjem med ei avklaring sjølv, må vi ha ein debatt i landsstyret om kva gi gjer no. Eg støtter både Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum, men det er nok Trygve som står nærast til å ta over denne gongen, seier Klinge til avisa.

Hemmeleg krisemøte

Tidleg i neste veke vil partileiinga og fylkesleiarane i Senterpartiet vil halde eit hemmeleg krisemøte over telefon om framtida til Navarsete som partileiar.

Etter det NRK erfarer er målet er å skaffe fleirtal for å kunne halde eit ekstraordinært landsmøte i Senterpartiet så raskt som mogleg.