Hopp til innhold

Ordførarar vil stoppe nedskyting av villrein

Situasjonen er ikkje så prekær at ein bør gå til full nedskyting av villreinstammen i Nordfjella no.

Reinsdyr i kamp på Forollhogna

Det er feil å skyte ned all villrein i Nordfjella no, meiner ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Dette meiner Noralv Distad, Høgre-ordførar i Aurland. Han får støtte frå ordførarane i Lærdal, Hol, Hemsedal og Ål i å krevja eit evalueringsmøte.

– Veldig mykje står på spel. Å skyte ned alle dyr i løpet av vinteren er ikkje ein god modell, seier ordføraren.

Dermed er han på kollisjonskurs med landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) som i mai i år bestemte at alle dei om lag 2.200 villreinane i Nordfjella må bøte med livet. Dette i eit forsøk på å stoppe den frykta skrantesjuka.

Dale uttalte at avgjerda kanskje er den vanskelegaste han har teke som landbruksminister. Dale viste til at dei faglege råda han har fått frå Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Vitskapskomiteen for mattryggleik konkluderte med å ta ut villreinflokken i Nordfjella sone 1. Sone 1 i Nordfjella består av fjellområde i Aurland, Lærdal, Hol, Hemsedal og Ål.

Skrantesjuk villrein hjå Veterinærinstituttet

Her blir skrantesjuk villrein undersøkt på veterinærinstituttet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ber ministeren sjå på saka

Distad meiner landbruksministeren må revurdere synet sitt og heller sjå på ein alternativ modell for å handtere skrantesjuka. Han meiner ein bør halde fram med prøvetaking både innanfor sone 1 og andre soner. Vidare må forskinga på området intensiverast og ein må ha kontinuerleg tilsyn.

– I tillegg må ein halde fram med å setje opp gjerde. Når den utvida jakta neste år er ferdig, må ein evaluere på nytt, seier ordføraren.

Noralv Distad i Gudvangen

Det er ingen god modell å skyte ned all villrein i Nordfjella no, meiner Noralv Distad, ordførar i Aurland.

Foto: NRK

Distad viser til at Aurland, Lærdal og Hemsedal no ber om eit møte med landbruksministeren der dei vil presentere den nye modellen.

– Vi håper landbruksministeren vil vurdere dette, seier Distad.

Det er funne nokre smitta dyr. Har ein ikkje ein gyllen sjanse til å få bukt med sjukdomen ved å skyte ut heile stammen i Nordfjella før smitten spreier seg?

– Eg har respekt for dei som har eit anna syn, men eg meiner situasjonen ikkje er slik at ein kan kome med endelege konklusjonar i dag. Vi må bruke litt meir tid og vurdere på nytt, seier Distad.

Det er så langt i år felt 600 reinsdyr i Nordfjella. Planen er at det statlege fellingslaget skal felle dei resterande 1600 dyra i området innan mai neste år. Det er dette dei fem ordførarane no vil stoppe.

Difor hastar det å få på plass møtet med ministeren, meiner Distad. Ifølgje Distad er det så langt funne skrantesjukesmitte på seks dyr i området.