NRK Meny
Normal

Skal skyte ut 1600 villrein – har blitt sjikanert i sosiale medium

FLÅ (NRK): 35 jegerar i det statlege jaktlaget var samla til trening denne veka, før dei frå 1. november skal ta ut resten av villreinen i Nordfjella.

Skytetrening før den statlege villreinjakta i Nordfjella, Skrantesjuke

PÅ PLASS: Ekstra trening er naudsynt før det statlege jaktlaget skal ta ut dei resterande 1700 villreinane i Nordfjella.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Petter Braaten - seniorrådgjevar - SNO

KRITISK: Petter Braaten i Statens naturoppsyn (SNO) er lite nøgd med behandlinga dei har fått i sosiale medium av motstandarar av avgjerda om å skyta ut all villreinen i Nordfjella.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Vi trenar på skyting frå lange avstandar, det er litt kursing i vind og skyting på lang avstand. Det er naudsynt å ha kunnskap om dette til vinteren, seier Petter Braaten i Statens naturoppsyn (SNO).

Denne veka har 35 statlege jegerar vore samla i Flå i Hallingdal. 20 av dei kjem frå Statens naturoppsyn og 15 er innleigde.

30. oktober er den ordinære jakta på fellinga av dei 2200 villreinane i Nordfjella over og då vil det vera om lag 1600 dyr att. Alle skal skytast ut for å unngå spreiing av skrantesjuke, innan 1. mai neste år.

Fjellområdet ligg mellom riksveg 52 Hemsedalsfjellet i Nord og traseen til Bergensbanen i sør.

Utfordrande

Alle som er med er erfarne jegerar, men oppgåva dei har fått er formidabel. 1700 villrein gjennom vinteren vert om lag fire til fem på kvar jeger i dei dagane det er vêr til å jakta.

– Eg trur nok både dei som er fast tilsette og på kontrakt til oppdraget har fått auga opp for kor krevjande og stor denne oppgåva vert, seier Braaten.

Krevjande har det også vore med tilbakemeldingane dei har fått i sosiale medium. For å skyte ned 2200 villrein er inga populær avgjerd, trass i at spreiing av skrantesjuka kan få store konsekvensar.

– Vi har fått ukvemsord og sjikane i sosiale medium. Det følast urettvis. Vi er ein gjeng med statstilsette som gjer ein jobb vi ser sett til å gjera, seier Braaten.

Vêret vert viktig

Frå starten av jakta i november og fram til dei skal vera ferdig 1. mai har SNO rekna med at dei får jakta i 40 dagar.

– Det betyr at kvar jeger må ta ut om lag fire til fem dyr kvar dag. Vi er avhengig av at vêret er på vår side gjennom vinteren om vi skal lukkast, seier Braaten.

Viktig er også treninga dei har lagt ned denne veka.

– Som statlege tilsette har vi eit ansvar for å ta vare på dyrevelferda og at uttakinga av reinen skal skje på ein så human måte som mogeleg, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.