Hopp til innhold

Opnar for å legge ned vidaregåande skular

To år etter førre runde, er Høgre opne for å legge ned vidaregåande skular i neste fylkestingsperiode.

Høyanger vidaregåande skule

UTSETT? Høyanger vidaregåande skule overlevde med eit naudskrik i 2013. Nye trugsmål kan vere i vente.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Noralv Distad

SPENT PÅ ELEVTALA: Høgre-gruppeleiar og Aurland-ordførar Noralv Distad.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Sjølvsagt kan dette komme opp att. Vi har vore gjennom ein skulebruksplan. Der trefte vi ganske godt, det ser vi no. Men om nokre år blir det endå lågare elevtal. Det kan vere utfordrande, seier Høgre sin gruppeleiar i fylkestinget, Noralv Distad.

Nye kutt i vente

Det er berre to år sidan sist dei vidaregåande skulane i fylket vart sett i spel. Den gongen måtte Jølster og Luster sjå at deira skular vart lagt ned. Men framleis har Sogn og Fjordane fylkeskommune eit innsparingskrav på over 200 millionar kroner hengande over seg dei komande åra, og elevtalet er venta å gå ned.

Gruppeleiar Noralv Distad vil ikkje vere konkret på kva skular som kan forsvinne, men er budd på at det vil kome nye skulekampar. Det vil vere uvisse rundt dei vidaregåande skulane i fylket både i valkampen og utover neste fylkestingsperiode.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Stryn vgs

UTSETT? Stryn vidaregåande stod lenge saman med Høyanger vgs. på ei mogleg kuttliste sist fylkespolitikarane vurderte skulestrukturen.

Foto: Arne Vik / NRK

Legg vekt på elevane sine val

I helga vedtok Høgre sitt fylkesårsmøte kva som må leggast til grunn når ein skal ta dei tøffe vala framover.

– Det som er viktig for oss er å legge vekt på elevane sine val. Kva skular dei vel. Vi må sjå på kva behov næringslivet har, og kor dyktig kvar enkelt skule er på å utvikle attraktive tilbod, seier Distad.

Førre runde var det skulane i Høyanger og Stryn som var mest utsette av dei som overlevde. Men Distad vil ikkje seie noko no om kva veljarane konkret kan vente seg.

– Det vil etter vårt syn vere heilt feil å ta denne debatten på førehand, seier han til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Dale vidaregåande skule

UTSETT? Også Dale vidaregåande skule har tidlegare figurert på moglege kuttlister.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Håpar å behalde Hordaland-avtalen

Fylkesleiar Arve Mjømen frå Gulen var glad for at Høgre har med eit punkt i programmet om å sikre rett til fritt skuleval over fylkesgrensene. I Gulen pendlar elevar dagleg til Austrheim vidaregåande skule i Nordhordland, gjennom den såkalla Hordaland-avtalen.

Arve Mjømen

VERKEBYLL: Fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre skulle vil ikkje meine noko om kva skular som er mest utsette - dersom nye kutt må til.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Mjømen håpar ekstrapengar til fylkeskommunen kan gi håp for å bevare skulestrukturen, men Høgre-leiaren er open for at nedleggingar må til.

– Det er klart det ligg i bakhovudet, sjølv om det er kome økonomiske redningsmidlar.

– Kva skular er mest utsette?

– Det er umogleg å seie. Vi har hatt ein svært analyse tidlegare, der Nordfjord-skulane var utsette på grunn av sitt elevtal. No viser det seg at desse prognosane ikkje lenger er så sikre, vedgår Mjømen.

Dette er dagens 11 vg. skular i Sogn og Fjordane:

  • Årdal vgs.
  • Sogndal vgs.
  • Høyanger vgs.
  • Dale vgs.
  • Hafstad vgs.
  • Mo og Øyrane vgs.
  • Flora vgs.
  • Firda vgs.
  • Måløy vgs.
  • Eid vgs.
  • Stryn vgs.

I tillegg kjem private Sygna vgs. i Balestrand, Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland og Fagskulen i Sogn og Fjordane med avdelingar i Førde og Måløy.