Hopp til innhold

Vil ha Noregs strengaste russereglar – men russen protesterer

Politikarar vil forby russeklede på vidaregåande. – Vi må få gå med det vi vil, svarer russen.

Russegruppa Out West ved Førde vgs, 2024-russen

VIL HA GRUPPE-LOGO: John Antonio Amoro Aarset og John Olai Nordberg Bruland (lengst framme til høgre) og resten av russegjengen i Førde meiner det blir feil å forby bestemte typar russeklede.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Politikarar i Vestland vil forby bruk av enkelte typar russeklede på skulen – for å hindre utanforskap.

Forslaget til skulepolitikar Åsmund Berthelsen (SV) er forby all bruk av russeklede på dei vidaregåande skulane.

Men fleire russ meiner det grensar til overformynderi. Gutane i russegruppa «Out West» ber dei vaksne tenke seg om.

– Eg trur ikkje årsaka til at nokon blir ekskluderte er bruken av russegenserar, seier John Olai Nordberg Bruland.

Han er russepresident ved Førde vgs., ein skule med over 1000 elevar. Bruland er sjølv medlem av russebuss-gruppa «Out West».

Gruppa har for lengst uniformert seg i hettegenserar med eigen logo.

Ein uniform framtidige russekull kan gløyme om forslaget frå SV blir gjeldande.

Russegenser i Førde

Russebuss-gruppa Out West ved Førde vgs. har for lengst uniformert seg med gruppa sin eigen logo. Denne typen russeklede kan bli bannlyst.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Fryktar engelske tilstandar

Bakgrunnen for forslaget er å få bukt med utestenging.

Russepresidenten har stor forståing for at politikarane kjenner på ansvaret for å få gjort noko med utanforskap, men trur problema med utestenging startar lenge før russegruppene blir danna.

Debatten om russefeiring har dei siste månadene vakna til liv att. Fleire har tatt til orde for at resten av landet bør sjå til Troms og skyve på sjølve russefeiringa,

Før jul bad regjeringa skulane om å slå følge med nordlendingane og vente til etter eksamen. Også dette blir diskutert i Vestland.

Les også Regjeringen varsler festbrems på russefeiringen: – Det har sklidd voldsomt ut

Russ

– Urimeleg

Men å legge seg opp i kva klede dei skal gå med på skulen, har russegruppa i kantina på Førde vgs. lite sans for.

– Vi må få gå med det vi vil. Det skal vel ikkje vere dresskode som i England, seier Oliver Juliebø Reite.

Førde-russen får støtte frå 24-russen ved Måløy vidaregåande i Nordfjord.

Eg tenker det er heilt urimeleg. Det er nok problem i verda. Det er andre måtar utestenging og ekskludering skjer på. Det er jente- og gutegjengar uansett Eit slikt problem vil likevel vere der, seier russepresident Hedda Blålid Thorsen.

Russedebatten i vest vakna ytterlegare til liv då 20 år gamle Emma Ingebrigtsen denne veka vitja skulepolitikarane i hovudutval for opplæring i Vestland.

Emma Ingebrigtsen ønskjer å skape ei god russetid for absolutt alle

Emma Ingebrigtsen fortalde fylkespolitikarane om kor ille ho hadde då ho vart utestengd frå russegruppene då ho var russ i 2022.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Ingebrigtsen var russ i Haugesund i Rogaland i 2022 og opplevde åra på vidaregåande som svært vanskeleg. Fordi ho vart utestengt frå dei ulike russegruppene.

– Vi har snakka i fleire år. No er det tid for å gjere noko konkret. Vi unge treng at de engasjerer dykk, sa 20-åringen til politikarane som ein etter ein tok ordet og fortalde kor skaka dei var.

Les også Emma (20) hyllar at regjeringa er «festbrems»: – Mange russ opplever heilt forferdelege ting

Emma Ingebrigtsen

Ministeren vil ikkje ha A, -B, og C-lag

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) støttar forslaget om å forby russegenserar og andre uniformerande russeklede som verkar ekskluderande, men ikkje eit generelt forbod mot russeklede.

– Dersom bestemte typar russeklede verkar ekskluderande og er skadeleg for skulemiljøet, så må den enkelte skule innføre forbod. Vi kan ikkje ha eit A, -B, og C-lag på skulane, seier Nordtun.

Kari Nessa Nordtun

Utdanningsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) støttar Emma Ingebrigtsen sitt råd om å forby russegenserar og andre uniformerande russeklede som verkar ekskluderande.

Foto: Bård Siem / NRK

Statsråden vurderer å innføre nasjonale forbod dersom ikkje fylkeskommunane, som eig dei vidaregåande skulane, greier å løyse problema sjølve.

Russegenser kan gje nedsett åtferdskarakter

Administrasjonen i Vestland fylke jobbar med å endre russereglane.

Målet er at det skal bli lettare for kvar enkelt rektor å innføre forbod mot russeklede som dei vurderer som ekskluderande. Det blir også vurdert om bruk som er i strid med dette, skal gi nedsett åtferdskarakter.

Men det er fylkespolitikarane som skal avgjere saka, og det skjer i midten av februar.

Fylkesdirektørane for utdanning i alle fylka i landet har sett ned ei arbeidsgruppe som jobbar med å skape ei ny og meir inkluderande russefeiring frå 2026.

Det er mykje bra som allereie blir gjort rundt omkring og vi er spente på kva Vestland kjem fram til, seier Hilde Blesvik, som er leiar i den nasjonale gruppa.

Les også Russepresidenter tar grep for å unngå ekskludering

Russepresidenter i Agder