Hopp til innhold

Slik vil dei ha skulane i framtida

Dei raudgrøne partia på fylkestinget har blitt samde – no har dei lagt kabalen for framtida til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Luster vidaregåande, Stryn vidaregåande og Høyanger vidaregåande

SLIK VIL DEI HA DET: Luster vidaregåande skule blir nedlagt, medan både Stryn og Høyanger vidaregåande skular får leve vidare.

Foto: Montasje: NRK

Framtida til dei vidaregåande skulane i fylket har vore det heitaste temaet blant politikarane dei siste månadane. Færre elevar og mindre pengar betyr at politikarane har måtte gjere grep.

Dramatiske kutt har blitt føreslege, men protestane har vore sterke og bønene frå elevar og lokalsamfunn mange. No ser det ut til at saka skal få sin ende.

Fylkespolitikarane er i dag og i morgon samla til fylkesting, og allereie i dag er det klart at Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har blitt samde om korleis skuletilbodet skal vere. Med mindre det skjer noko spesielt, er det dette tilbodet som vil bli klubba gjennom i morgon.

Tilbodet er på mange måtar likt det ein kom fram til i fylkesutvalet før helga, men med ein del endringar.

– Dette vil leve litt kvart år

Gruppeleiar i Senterpartiet, Jenny Følling, understrekar at det politikarane no har blitt samde om ikkje er skrive i stein for alltid, og at det er fleire ting som vil spele inn.

– Det vil heile tida vere slik at eit opplæringstilbod er levande, og det vil leve litt med korleis elevane vel å søkje. Det vil også leve noko med næringslivet sine behov, seier Sp-politikaren.

Ho seier dei må justere tilboda kvart år, men at det dei no har kome fram til er viktig å ha i botnen.

– Ein har sagt litt om korleis ein skal drifte dette ved dei ulike skulane, og så vil dette leve litt kvart år. Og opplæringsutvalet har eit stort ansvar for å følgje opp dette, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nils Petter Støyva, Jenny Følling og Norvall Nøringset.

SAMDE: Nils Petter Støyva (AP), Jenny Følling (SP) og Norvall Nøringset (SV) er no blitt samde om korleis dei skal fordele dei forskjellige utdanningstilboda på dei ulike vidaregåande skulane i fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Slik blir tilbodet

Det som er merka som endringar er endringar gjort frå tilbodet som fylkesutvalet la opp til.

Årdal vidaregåande skule:

  • Studiespesialisering (vg1, vg2, vg3 og vg3 påbygging til generell studiekompetanse)
  • Elektrofag (vg1, vg2 automatisering og vg3 automatiseringsfaget)
  • Service og samferdsel (vg1 og vg2 sal, service og tryggleik)
  • Teknikk og industriell produksjon (vg1, vg2 kjemiprosess og vg2)

Sogndal vidaregåande:

  • Studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3)
  • Bygg og anleggsteknikk (vg1, vg2 byggteknikk, vg2 anleggsteknikk og vg2 klima, energi og miljøteknikk)
  • Elektrofag (vg1, vg2 elenergi, vg2 data og elektronikk og vg3 dataelektronikarfaget)
  • Helse- og oppvekstfag (vg1, vg2 helsearbeidarfag og vg2 barne og ungdomsarbeidar)
  • Medium og kommunikasjon (vg1 og vg2)
  • Restaurant- og matfag (vg1 og vg2 kokk- og servitørfag)
  • Service og samferdsel (vg1, vg2 sal, service og tryggleik og vg2 reiseliv)
  • Teknikk og industriell produksjon (vg1 og vg2 køyretøy)
  • Idrettsfag (vg1, vg2 og vg3)
  • ENDRING: Mister ei gruppe vg2 reiseliv
  • ENDRING: Får ei gruppe vg2 transport

Høyanger vidaregåande:

  • Studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3)
  • Elektrofag (vg1 og vg2 elenergi)
  • Teknikk og industriell produksjon (vg1 og vg2 industriteknologi)
  • ENDRING: Får ei gruppe Vg2 frisør

Dale vidaregåande:

  • Studiespesialisering (vg1, vg2, vg3 og vg3 påbygging til generell
  • studiekompetanse )
  • Helse- og oppvekstfag (vg1 og vg2 helsearbeidarfag)
  • Teknikk og industriell produksjon (vg1 og vg2 industriteknologi)

Øyrane vidaregåande, inkludert avdeling Mo:

  • Naturbruk (vg1 naturbruk, vg1 naturbruk med hest, vg2 heste- og
  • hovslagarfag, vg2 landbruk og gartnarnæring, vg3 landbruk og vg3 studiespesialisering med naturbruk)
  • Bygg- og anleggsteknikk (vg1, vg2 anleggsteknikk og vg2 byggteknikk)
  • Design og handverk (vg1 og vg2 design og tekstil)
  • Elektrofag (vg1 og vg2 elenergi)
  • Helse- og oppvekstfag (vg1, vg2 helsearbeidarfag, vg2 ambulansefag, vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag og vg2 helseservicefag)
  • Restaurant- og matfag (vg1 og vg2 kokk- og servitørfag)
  • Service og samferdsel (vg1, vg2 sal, service og tryggleik og vg2 transport og logistikk)
  • Teknikk og industriell produksjon (vg2 køyretøy og vg2 industriteknologi Vg2 bilskade, lakk og karosseri vert nytt tilbod ved skulen om fylkesrådmannen finn løysingar saman med næringslivet/bransjen for den praktiske delen av opplæringa. Om ein ikkje får til slike løysingar blir det ikkje tilbod om vg2 bilskade, lakk og karosseri i eige fylke
  • ENDRING: mister to grupper design og handverk (vg1 og vg2 design og tekstil)
  • ENDRING: Får ei gruppe vg2 data og elektronikk
  • ENDRING: Mister ei gruppe vg1 service og samferdsle
  • ENDRING: ei gruppe vg1 teknikk og industriell produksjon blir omgjort til vg1 elektro

Hafstad vidaregåande:

  • Studiespesialisering (vg1, vg2, vg3 og vg3 påbygging til generell studiekompetanse)
  • Medium og kommunikasjon (vg1 og vg2)
  • ENDRING: Får også 3 grupper, vg1, vg2, vg3 formgjevingsfag studiespesialiserande

Flora vidaregåande:

  • Idrettsfag (vg1, vg2 og vg3)
  • Studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3 og vg3 påbygging til generell studiekompetanse)
  • Bygg- og anleggsteknikk (vg1, vg2 byggteknikk og vg2 klima, energi og miljøteknikk)
  • Elektrofag (vg1, vg2 data og elektronikk og vg2 elenergi)
  • Helse- og oppvekstfag (vg1, vg2 helsearbeidarfag og vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag)
  • Service og samferdsel (vg2 IKT- servicefag)
  • Teknikk og industriell produksjon (vg1, vg2 brønnteknikk og vg2 industriteknologi)
  • ENDRING: Mister ei gruppe vg2 data og elektronikk
  • ENDRING: Får også ei gruppe vg1 service og samferdsle

Firda vidaregåande:

  • Idrettsfag (vg1, vg2 og vg3)
  • Studiespesialisering (vg1, vg2, vg3)
  • Musikk, dans og drama (vg1, vg2 musikk, vg2 dans, vg2 drama, vg3,musikk, vg3 dans og vg3 drama)

Eid vidaregåande:

  • Studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3 og vg3 påbygging til generell studiekompetanse)
  • Studiespesialisering med formgjeving (vg1, vg2 og vg3)
  • Design og handverk (vg1, vg2 interiør og utstillingsdesign)
  • Elektrofag (vg1, vg2 data og elektronikk, vg2 elenergi og vg3 dataelektronikarfaget)
  • Teknikk og industriell produksjon (vg1, vg2 industriteknologi og vg2 industriell møbelproduksjon)
  • ENDRING: Får ikkje vg2 frisør

Måløy vidaregåande:

  • Studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3)
  • Bygg- og anleggsteknikk (vg1 og vg2 byggteknikk)
  • Helse- og oppvekstfag (vg1 og vg2 barne- og ungdomsarbeidar)
  • Naturbruk (vg1, vg2 akvakultur og vg2 fiske og fangst)
  • Restaurant- og matfag (vg1 og vg2 kokk- og servitørfag)
  • Teknikk og industriell produksjon ( vg1, vg2 køyretøy, vg2 industriteknologi, vg2 maritime fag)
  • Tekniske allmenne fag (TAF)
  • ENDRING: Mister ei gruppe vg1 teknikk og industriell produksjon (blir flytta til Eid)

Stryn vidaregåande:

  • Studiespesialisering (vg1, vg2 og vg3)
  • Bygg- og anleggsteknikk (vg1 og vg2 byggteknikk)
  • Helse- og oppvekstfag (vg1 og vg2 helsearbeidarfag)
  • Service og samferdsel (vg1, vg2 sal, service og tryggleik og vg2 transport og logistikk)