Hopp til innhold

Frida (19) valde elektrobransjen: – Ein god trend

Frida Sårheim Brakestad (19) er ei av fleire jenter som vil bli elektrikar. Eigne nettverk for kvinner i bransjen verkar positivt, trur Nelfo.

Frida er på veg inn i elektrikaryrket.

Opplæringskontoret håper at fleire gjer som 19-åringen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det er noko eg er interessert i, og eg har vennar som er elektrikarlærling, seier Frida Sårheim Brakestad (19).

Etter eit år på helsefag, skifta ho retning og begynte på elektrolinja.

No har ho fullført to års utdanning og blir lærling frå hausten av.

I heimtraktene er tendensen den same. Tal frå Nelfo Sogn og Fjordane sitt opplæringskontor, Opplæringskontoret for elektrofag syner at 13 prosent av lærlingkontraktane i år går til jenter.

Til samanlikning var talet i fjor 5–6 prosent.

Brakestad synest det er bra at fleire kvinner blir elektro-lærlingar.

– Det er veldig bra at jenter òg tør å prøve det ut, seier 19-åringen.

Les også Victoria (20) er elektriker-influencer – inspirerer andre jenter til å velge utradisjonelt

Victoria Bjørge er elektroinfluencer. Her smiler hun foran et stort skap med fargerike kabler.

– Trur nettverk har bidrege positivt

Bjarte Heggheim er dagleg leiar for opplæringskontoret for elektrofag i Sogn og Fjordane.

– Vi har hatt ein bevisst strategi på at vi vil ha inn fleire jenter, seier han.

Heggheim trur auken i tal lærlingar lokalt skuldast større interesse for yrket blant jenter, men også at kontoret oppretta eit eige jentenettverk for eit par år sidan.

Nettverket har møte der dei samlast og diskuterer problemstillingar, men også positive erfaringar. Dei har også kontakt via sosiale medium.

Brakestad synest nettverket har vore positivt.

– Det har hjelpt veldig mykje. Det å sjå at det er andre jenter òg, og å skape eit lite fellesskap mellom oss jentene.

Fleire jenter enn før vil gå elektro i Sogn og Fjordane.
Foto: Benedikte Grov / NRK

Fleire kvinner vel yrkesfag

Då søkjartala til vidaregåande kom i vår, synte dei at over halvparten av søkjarane til vidaregåande opplæring til hausten hadde yrkesfag som førsteønske.

Tala synte også at fleire jenter enn før valde elektro, datateknologi og teknologi- og industrifag.

Svein Harald Larsen er fagsjef for utdanning i Nelfo, ei landsforeining i NHO som mellom anna organiserer elektro-, ekom- og heisbedriftene.

Han viser til at det er ein viss auke i søkjartala blant kvinner til elektroutdanninga, frå stabilt rundt 6 prosent mot no opp mot 8 prosent.

– Det er ein god trend, seier Larsen, men meiner talet må ytterlegare opp.

Nelfo har kampanjar for å auke rekrutteringa, men også Larsen trur på effekten av kvinnenettverka dei har. Desse finst førebels på Vestlandet, i Trøndelag og Oslo.

– Vi trur det er med å styrkje og auke kvinnedelen til elektrofag, seier Larsen.

Nelfo og El og IT-forbundet jobbar no saman for å tilby finansiering, slik at ein kan ha slike nettverk i heile landet.

Nelfo jobbar også mot skuleverket, med tariff, og for at klede- og utstyr skal vere tilpassa kvinner.

Frida trykkjer på ein brannsentral i eit hus.

Læretida tek to og eit halvt år, før Sårheim Brakestad kan ta fagprøva.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Skal i lære i bedrift

Brakestad har likt seg godt som elev ved elektrolinja. I august begynner ho som lærling i bedrift.

– Det trur eg blir veldig bra. Eg gler meg. Eg var på utplassering der, og kjende meg veldig godt motteken, seier ho.

Først er elektrikar-fagbrev målet. Etter dette vurderer ho å ta fagbrev som energimontør. Ho oppmodar andre kvinner til å velje retninga.

– Det er veldig kjekt. Eg likar det mykje betre enn eg likte helse, seier 19-åringen.