Håpar på utvida satsing på toppidrett i skulen

Hovudutvalet for opplæring vil behalde toppidrettssatsinga i den vidaregåande skulen, stikk i strid med forslaget frå fylkesdirektøren for utdanning. No vi idrettskrinsen gå endå lenger – og utvide tilbodet.

Anne Leversund

OFFENSIV: Anne Leversund i Sogn og Fjordane idrettskrins vil gjerne idrettsungdommen i fylket eit betre tilbod.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dersom vi ønskjer at ungdommen skal vere her i fylket, må vi leggje til rette for dei. Og vi må gje dei gode opplevingar som gjer at dei har lyst til å komme tilbake, seier Anne Leversund.

Ho er organisasjonssjef i Sogn og Fjordane idrettskrins, og har følgt godt med på debatten rundt ungdom som flyttar ut av fylket for å satse på toppidrett.

Sist veke hadde idrettskrinsen møte med særkrinsane, skulane og fylkeskommunen, der dei konkluderte med at ordninga «spissa idrettstilbod for potensielle toppidrettsutøvarar» i den vidaregåande skulen har fungert godt.

– Vi har lagt til rette for at idrettsungdom kan vere i eige fylke, drive idretten sin og bli tatt omsyn til i skulekvardagen – samstundes som dei blir følgde opp på det faglege og idretten, seier Leversund.

Idretten håpar at tilbodet kan bli utvida

Det spissa idrettstilbodet vart i haust føreslege nedlagt av fylkesdirektøren for utdanning. Seinare vart forslaget lagt bort av hovudutvalet for opplæring.

Tilbodet gjeld ungdommar som vil kombinere vidaregåande opplæring med sin idrett. Anten det er fotball i Sogndal, volleyball i Førde eller skiskyting i Stryn.

– Vi er unisont samde om at dette har fungert etter intensjonen. Og ønskesituasjonen for idretten er at vi kunne fått utvida ordninga, slik at det omfatta fleire idrettar, seier Leversund.

– Vi har vore i kontakt med fylkeskommunen og bede om å få vidareført ordninga slik ho er i dag. Men signala frå særkrinsane og skulane er at dei ønskjer at ordninga blir utvida, forklarer organisasjonssjefen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sedrik Engebø Ullebø syklar i mål som vinnar på Roserittet

UNIK: Sedrik Engebø Ullebø har flytta ut av fylket for å gå Norges Toppidrettsgymnas. Han er den aller første som har fått tilbod om å kombinere to idrettar, og satsar no både på langrenn og sykling.

Foto: Karstein Vabø

Færre ungdommar reiser ut no enn før

Det er no opp til politikarane på fylkestinget å endeleg bestemme om tilbodet om spissa idrettstilbod blir ført vidare eller lagt ned. Vinsten på nedlegging vil kunne vere 750.000 kroner.

Samstundes vil det koste fylkeskommunen om lag 92.000 kroner for kvar elev som vel å flytte ut av fylket for å gå på skule og satse på toppidrett.

Idrettskrinsen ser for seg at tilbodet kan bli utvida med idrettar som til dømes langrenn, handball og friidrett.

– Evaluering har vist at ordninga har fungert i tråd med intensjonane. Det er færre ungdommar som reiser ut for å ta vidaregåande utdanning no enn før. Vi har dessutan bygd opp kompetanse innad i idretten og i skulemiljøa i fylket, seier Leversund.

– Viktig å vise at vi satsar på ungdom

Ho er oppteken av at samarbeidet med fylkeskommunen har fungert veldig bra.

– Dette handlar å leggje til rette for ungdommane, slik at dei kan vere i trygge og sunne omgjevnader i eige fylke. Vi har ikkje som mål at absolutt alle skal vere her. Men vi strekkjer oss etter det, og vil leggje til rette for at flest mogleg ungdom kan vere her, seier Leversund.

Ho legg til:

– Det er veldig viktig at vi viser at vi satsar på ungdommen, og eg meiner det må vere eitt av verkemidla som må til for at vi skal skjønne kor flott Sogn og Fjordane faktisk er.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesutvalet for opplæring

SNUDDE: Hovudutvalet for opplæring vil behalde toppidrettssatsinga og gjekk dermed imot forslaget til fylkesdirektøren for utdanning.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Er først og fremst glad dei berga tilbodet

Norvall Nøringset (SV) er leiar i hovudutvalet for opplæring, og er glad for at dei no ser ut til å ha berga tilbodet om spissa idrettstilbod. Han trur ikkje det blir omkamp om tilbodet fram mot fylkestinget i desember, då det heile blir endeleg avgjort.

– Kva synest du om at idretten no har fått blod på tann?

– Det er flott at dei har ambisjonar, at dei vil meir og at dei vil gje eit endå betre tilbod – det er eg med på med éin gong. Eg ser at det er andre idrettar som også skulle ha hatt dette tilbodet om spissing, seier Nøringset.

– Har fylket råd til fleire spissa idrettslinjer?

– Av og til kan ein spørje seg om vi har råd til å la vere. Reiser idrettsungdom ut av fylket, blir det også eit økonomisk tap for fylkeskommunen. Så dette er noko vi må sjå på, seier han.

Nøringset kan ikkje svare på kva tid det kan bli aktuelt å eventuelt sjå på eit eventuelt utvida idrettstilbod i den vidaregåande skulen.

– No må vi berre avvente og sjå korleis økonomien blir – for det er eit økonomisk spørsmål kor mykje vi kan satse. Men uansett kvar vi prøver å finne pengar, er det viktig å få idrettsmiljøa våre på eit så høgt nivå at ungdommen vil bli verande i fylket så lenge som mogleg. Det er eit felles mål for idretten og oss som driv politikk å prøve å ha ungdommen hos oss så lenge som mogleg, seier han.