Hopp til innhold

Dei pusta letta ut for eitt år sidan - no fryktar dei igjen å bli kutta

Høyanger vidaregåande skule kom heilskinna gjennom «skulekampen» i fjor. No kan det bli nye kuttrunder for både vidaregåande skular og sognebåten.

Elevar ved Høyanger vidaregåande skule

PUSTA UT: Elevane ved Høyanger vidaregåande skule pusta letta ut då skulen overlevde førre kuttrunde. No held dei pusten att..

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

I ettermiddag kjem stortinget si innstilling til framtidas fylkesøkonomi. Det kan resultere i at tilbod som så vidt overlevde fylkeskommunen si førre kuttrunde, igjen kan stå for fall.

Ved Høyanger vidaregåande skule held dei nok ein gang pusten.

– Det gjer ein jo når ein høyrer om slike nedskjæringar, seier rektor Torill Thorbjørnsen.

Må sjå på nye kutt

Det small som ei bombe då regjeringa i førre månad la fram forslaget til ny kommunereform. Denne endrar også inntektssystemet for fylkeskommunane, og Sogn og Fjordane kjem dårlegast ut av alle .

Høyanger vidaregåande skule

FRYKT: Ved Høyanger vidaregåande skule fryktar dei igjen stengde dører.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Skular som Høyanger vidaregåande, Dale vidaregåande og samferdsletilbod som Sognebåten kan igjen bli vurdert lagde ned dersom fylkeskommunen får 234 millionar kroner mindre dei neste åra.

– Det er ganske opplagt at ein må sjå på skulestruktur og opplæring på nytt. For med slike dramatiske kutt, over 200 millionar kroner, så seier det seg sjølv at vi er nøydde til å snu alle steinar, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Kutt vil komme

I kulissane blir det arbeidd hardt for å få redusert kuttkravet til fylket. I kommunalkomiteen på Stortinget sit Bjørn Lødemel (H).

Bjørn Lødemel

ER KLAR: Bjørn Lødemel (H) er klar på at Sogn og Fjordane vil få mindre pengar å rutte med i framtida.

Foto: Steinar Lote / NRK

Honndølen ynskjer ikkje å kommentere komiteen sitt arbeid, men er klar på at det blir langt mindre pengar til heimfylket.

– Det er klart at då må fylkeskommunen inn å sjå på prioriteringar, seier han.

– Kva seier stortingsrepresentanten frå Høgre til tillitsvalde og elevar ved til dømes Høyanger vidaregåande?

– Eg har ikkje kommentar til dei konkrete kutta. Det eg jobbar med no er å finne best mogleg ordningar innanfor dei rammene som ligg i eit nytt inntektssystem for fylkeskommunen.

– Fleire kan kvi seg

Sognebåten

TRUGA: Sognebåten kan bli truga dersom fylkeskommunen må igjennom ei ny omfattande kuttrunde.

Foto: NRK

Blir regjeringa sin sum på 234 færre millionar kroner ståande, fryktar fylkesleiar Trude Brosvik (KrF) at langt fleire enn berre fylkespolitikarane kan kvi seg.

Eit forslag som allereie har vakt stor harme, også utanfor fylket, er vinterstenging av Årdal - Tyin og Aurland - Hol .

– Dersom dei store kutta blir ein realitet over fem år, så er det mange som har grunn til å engste seg for tenester som fylkeskommunen er ansvarleg for, seier ho.

Vil kjempe for båten

Harald Offerdal

VIL KJEMPE: Harald Offerdal (Ap) er budd på ein kamp med nebb og klør for å behalde snøggbåten mellom Sogn og Bergen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Balestrand fryktar Ap-ordførar Harald Offerdal ein ny runde om Sognebåten sin eksistens. Båtruta mellom Sogn og Bergen kostar fylket 12 millionar kroner i året.

– Kampen tek vi, og vi er i ferd med å førebu oss. Dette er ein viktig del av samferdsletilbodet vårt, og ikkje minst for turistnæringa som no prøver å utvide sesongen, seier han.

– Eg tenkjer både Sognebåten og bussruter. All kollektivtransport må under lupa, svarar Brosvik.

– Utmattande

Dale vidaregåande skule

OVERLEVDE: Dale vidaregåande skule slapp med skrekken i førre kuttrunde.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Medan snøggbåten sine tilhengjarar bur seg på kamp, sit altså fleire vidaregåande rektorar med ei gryande kjensle av uro. Mellom anna Gro Fivelstad i Dale.

– At ein ikkje blir ferdig med saka, men heile tida høyrer at det kan komme nye runder er utmattande både for tilsette og leiing, seier ho.

I Høyanger kryssar rektor Thorbjørnsen, elevar og tilsette det dei kan for at dei unngår å måtte gå igjennom ei ny kuttrunde.

– Det er først og fremst viktig for Høyanger som samfunn å behalde skulen. Skal vi få til nyskaping, så må vi kunne tilby ein vidaregåande skule. Det er viktig for folk som flyttar hit og det er viktige arbeidsplassar, seier ho.