Hopp til innhold

Vil ikkje snakke om varslarsaka

Korkje administrerande direktør Jon Bolstad eller fleire av dei tillitsvalde ynskjer å kommentere varslarsaka i Helse Førde som NRK avslørte i går.

Jon Bolstad og Vidar Vie

TOPPLEIING: Til venstre administrerande direktør Jon Bolstad. Til høgre viseadministrerande direktør Vidar Vie.

Foto: NRK

I går ettermiddag vart det kjent at ein medarbeidar i Helse Førde har klaga viseadministrerande direktør Vidar Vie inn for leiinga i helseføretaket.

Varslinga skal mellom anna botna i Vie sin leiarstil.

Fungerande styreleiar Agnes Landstad stadfesta overfor NRK at styret har fått ei varslarsak, og at dei har bedd om ekstern hjelp for å undersøkje forholda som varslinga peikar på.

Vidar Vie sin direkte overordna, administrerande direktør Jon Bolstad, unngjekk å svare på ei rekkje spørsmål som NRK stilte han i går kveld.

– Eg vil ikkje kommentere dette utover det styreleiar alt har sagt, sa Bolstad.

Forsiktige

Også fleire av dei tillitsvalde i Helse Førde ville i går kveld vente med å uttale seg.

– Eg har fått med meg saka. Men har ikkje lyst til å uttale meg om dette enno, seier tillitsvald Elisabeth Andersen i Delta.

Det same seier Gro Christensen i Norsk Radiografforbund og Silje Fraas Øren i Jordmorforeningen.

Koordinator for alle tillitsvalde i Helse Førde, Wenche Røkenes i sjukepleiarforbundet, ynskte ikkje å seie noko, bortsett frå å sende denne meldinga via SMS:

– Har lest saka på nett. Har ingen kommentar utover det.