Hopp til innhold

Det etterlengta regnet kan føre til trøbbel

NVE åtvarar mot lokal flaum når det laurdag og søndag kjem regn over store delar av Sør-Noreg. Mange stader vil bakken vere så tørr at regnet rett og slett kan kome til å prelle av.

Flaum Kvål

VER OBS: Noregs vassdrags- og energidirektorat ber folk gjere enkle tiltak for å redusere skader på grunn av det venta regnvêret.

Foto: Joar elgåen + / NRK

– Det at jorda er så tørr og hard kan føre til at vatnet ikkje så lett trekkjer ned i jorda, men i staden renn av på overflata. Det igjen kan føre til erosjonsskadar, og at elver og bekkar tek nye løp og fører til lokal flaum, seier Inger Karin Engen, hydrolog i NVE si varslingsteneste for flaum og jordskred.

2018 har allereie gått inn i historiebøkene som tidenes tørraste sommar i fleire fylke i Sør-Noreg. Blir det like tørt i august som det har vore i juni og juli, vil årets sommar vere tørrare enn rekordsommaren 1947 svært mange plassar.

Medan dei badeglade jublar, er det krise for tørkeråka bønder. Dei blir truleg ekstra glade for regnet som kjem dei neste to dagane.

Men ifølgje NVE er det grunn til å vere på vakt. No ber dei både folk flest og beredskapsansvarlege om å ta grep.

Badende barn

FRÅ VARMEREKORDAR TIL REGN: Rogaland og Hordaland er blant fylka der det er sett ny fylkesrekord, medan det i Sogn og Fjordane ser ut til at varmerekorden på 33,3 grader, målt i Fortun i 1933, kan bli ståande endå litt til.

Foto: Anders Fehn / NRK

Frå varmerekord til kraftige byer

Utover ettermiddag i dag har det blitt sett varmerekordar i fylke etter fylke, og på målestasjon etter målestasjon.

Den varme lufta får i løpet av morgondagen selskap av kaldare luft, fortel vakthavande meteorolog Gunnar Livik ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Når vi har hatt så mykje varm luft nær bakken, og det kjem kjøligare luft i høgda, får vi veldig ustabil luft som gir grunnlag for intens nedbør, lyn og tore.

Det er eit lågtrykk som ligg over Storbritannia som no er på veg i retning Sør-Noreg. Samtidig trekkjer høgtrykket som har lege over oss nord- og austover.

Livik seier det laurdag ettermiddag kjem enkelte regnbyer på ettermiddagen, medan det i løpet av natt til søndag og utover morgonen og føremiddagen kan kome store nedbørsmengder på kort tid.

Det er usikkert kvar i Sør-Noreg dei kraftigaste byene kjem.

Dette bør du gjere

Intens nedbør i løpet av kort tid kan i seg sjølv føre til problem, men når bakken no i tillegg er ekstra tørr, og mange plassar svært hard, er det grunn til å vere obs, meiner NVE.

– Vi oppmodar både beredskapsansvarlege og publikum til å gjere enkelte tiltak som kan redusere skadane som kan følgje av dei kraftige regnbyene som er venta, seier Engen.

– Dette handlar om å reinske kummar, stikkrenner under vegar og jernbane og dreneringsgrøfter. På den måten gir ein vatnet fritt spelerom til å renne der det vanlegvis vil renne. Då kan ein unngå at vatnet til dømes tek nye løp, noko som normalt vil kunne skje i forbindelse med kraftige byer.