NRK Meny
Normal

Meteorolog: – Denne sommaren er eit bevis på global oppvarming

I 2014 publiserte NRK ei futuristisk video om ekstremvêret for 2050, med statsmeteorolog Bente Wahl. Då var det somrar som denne, ho hadde i tankane.

Statsmeteorolog Bente Wahl med et heftig værvarsel for 2050.

MELDER VÊRET OM 36 ÅR: Statsmeteorolog Bente Wahl publiserte i 2014 ein video der ho melde været for 2050. Årstalet fortel ho var litt tilfeldig, men at det var for å sette fokus på korleis vær og klimaendringar heng saman.

– Klimaendringane gjer at vi får meir av desse ekstreme vêrsituasjonane – tørke på den eine sida og nedbør på den andre. Det vil berre bli varmare og våtare, seier statsmeteorolog Bente Wahl.

I 2014 publiserte NRK ein video der ho melde vêret for 2050. Målet var å omsette klima til vêr, og setje fokus på global oppvarming.

– Denne sommaren syner at om vi ikkje gjer noko med den globale oppvarminga, så er det slikt ekstremvêr vi vil sjå innimellom, og det vil bli ei utfordring.

Har aldri opplevd ein liknande sommar

I sommar har det blitt sett fleire vêrrekordar, med lite nedbør og tørkekrise i sør og mykje nedbør i nord. Wahl har ikkje opplevd liknande tidlegare.

Kuling Vågsfjorden, Troms

Nord-Noreg hadde rekordlite sol og rekordmykje nedbør i juni, medan Sør-Noreg hadde ei hetebølgje.

Foto: Arild Moe / NRK

– Vi må ikkje gløyme at Tromsø sette nedbørsrekord i juni. Desse ytterpunkta blir meir synlege med klimaendringane, og det var det vi prøvde å illustrere i videoen.

– Når vi har ei hetebølgje vil kvar topp på kvar hetebølgje bli litt høgare, noko som fører til at det vil bli litt varmare for kvart år som går om vi held fram med å sleppe ut klimagassar.

– Rekordane tydar på eit klimaskifte

Rasmus Benestad

Klimaforskar Rasmus Benestad seier at dei mange varmerekordane tyder på at vi er inne i eit klimaskifte.

Foto: Bård Gudim/Metorologisk institutt

Klimaforskar Rasmus Benestad ved Meteorologisk institutt gir Wahl støtte i at vi er inne i eit klimaskifte:

– Klimaendring ser ein blant anna ved å sjå på kor ofte vi får nye rekordar. Slike rekordar som vi har mange av no, er teikn som tydar på at klimaet vårt ikkje lenger er stabilt, men at det er i endring, seier han.

– Global oppvarming er ein realitet

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen er òg samd.

– Denne sommaren, med temperaturrekordar både her heime og ute i verda, syner at den globale oppvarminga er ein realitet, seier han til NRK.

Han seier vi må førebu oss på meir ekstremvêr, og at vi må forsterke tiltaka mot oppvarminga, og gjennomføre dei raskare.

– Det kan komme i morgon eller om 60 år

Sjølve årstalet i den framtidige vêrmeldinga til Wahl, 2050, var eit tilfeldig årstal for videoen. Ifølgje henne kan ei slik krise komme når som helst.

– Det kan komme i morgon eller om 60 år, men vi går mot høgare ekstremvêr-verdiar og rekordar.

For kvart år som går, aukar den globale temperaturen. Det er grunna klimaendringane at hetebølgja her til lands kjem.

Dårleg grasavling

Sør-Noreg har hatt hetebølgje og lite nedbør denne sommaren, noko som har ført til alvorleg skogbrannfare gjennom heile sommaren.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Når gjennomsnittstemperaturen aukar i land som har høg temperatur frå før, så er eit par grader veldig mykje. I Noreg tenker vi kanskje det er herleg, men vi ser jo andre følgjer av dette, som skogbrannar og tørke.

Så vi bør byrje med klimaanlegg?

– Ja, det trur eg. Sjølv om vi ikkje får ein sommar som dette ofte, så vil vi sannsynlegvis få periodar av somrar som er veldig varme framover. Det trur eg blir ein standard i norske hus etter kvart.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger