Hopp til innhold

Arbeidstilsynet: – Vi har fått fleire førespurnader enn normalt

I dag er det meldt rekordhøge temperaturar fleire stader i Noreg. Når gradestokken passerer 30 grader både ute og inne, kan det bli vanskeleg å halde seg konsentrert på jobb.

Istock temperaturmåler

I dag er det over 30 grader fleire stader i landet. Det kan bli ei utfordring på arbeidsstaden.

Foto: iStock

Arbeidstilsynet får årleg førespurnader frå frustrerte tilsette på arbeidsstaden når det er for varmt eller for kaldt på jobb.

I år har dei fått langt fleire førespurnader enn tidlegare.

– Den siste månaden har det vore desidert størst pågang. I desse dagar får vi i snitt ti e-postar og telefonar, noko som er langt meir enn normalt, seier Tommy Gregersen i Arbeidstilsynet.

Både Noreg og Sverige har hatt svært høge temperaturar i sommar. Den offentlege, svenske tenesta 1177 Vårdguiden melder om ei kjempeauke i nettsøk på temaa heteslag, dehydrering og andre varmerelaterte helseplager, skriv NTB.

Beboer og ansatt på nes sykehjem

Sjukepleiar Tone Holtung Olaussen synest det er for varmt på sjukeheimen i Akershus. Bebuar Rolf Johansen er ein av dei som klarer seg fint.

Foto: Dag Aasdalen / NRK

Tilsette ved Nes sjukeheim i Akershus fortvilar over varmen og er redd for å gjere feil i varmen. Der kan det bli opp mot 35 varmegrader i enkelte rom.

– Vi må konsentrere oss meir, og eg er redd for å gjere feil når det blir så varmt, seier sjukepleiar Tone Holtung Olaussen til NRK.

Ingen lov for temperaturgrense

Det finnast ikkje noko temperaturgrense for kor varmt eller kaldt det skal vere på jobb.

– Ein bør prøve å unngå å jobbe i temperaturar på over 26 grader eller under 19 grader, seier Gregersen.

Arbeidstilsynet skriv på sine nettstader at dei anbefaler å halde temperaturane under 22 grader ved fysisk innearbeid.

Har du opplevd urettferdige arbeidsforhold i sommarvarmen? Ta kontakt med NRK sin journalist her.

Årsaka til at det ikkje er klare forskrifter for temperaturar på jobb, er fordi dei ulike arbeidsgruppene har ulike former for arbeid.

Tommy Gregersen, Arbeidstilsynet

Tommy Gregersen i Arbeidstilsynet seier til NRK at dei har fått fleire førespurnader enn normalt denne sommaren.

Foto: PRIVAT

– Om ein til dømes jobbar på eit fryselager seier det seg sjølv at ein ikkje kan jobbe i 22 grader, seier Gregersen.

Arbeidsmiljølova sin § 4–4 syner kva du har rett til på arbeidsstaden.

– Det kan vere farleg

Nestleiar i Fellesforbundet, Steinar Krogstad, fortel til NRK at dei ikkje har fått mange førespurnader denne sommaren.

Mange av medlemmene deira jobbar mykje utandørs, og får som oftast førespurnader under dei kalde vintrane.

Fellesforbundet får likevel spørsmål frå folk som jobbar utandørs i varmen, særleg frå asfaltarbeidarar.

Steinar Krogstad, nestleder Fellesforbundet

Nestleiar i Fellesforbundet, Steinar Krogstad, fortel til NRK at dei får flest førespurnader frå medlemmene sine om vinteren.

Foto: Morten M. Loberg / Fellesforbundet

– Dei skal ha synleg tøy, og ny asfalt er svart og veldig varm. Det kan vere farleg å jobbe under slike forhold, sidan ein kan bli dehydrert og ukonsentrerte.

Å jobbe i nærleiken av trafikken gjer at dei må vere ekstra påpasselege når dei blir varme, forklarer Krogstad.

Austlandsområdet tek mest kontakt

Ifølgje Tommy Gregersen i Arbeidstilsynet, er fleirtalet av førespurnadene dei får denne sommaren frå folk som jobbar på Austlandet.

– Vi har fått fleire førespurnader enn normalt, og dei fleste kjem frå Austlandet.

Det er flest butikkmedarbeidarar som kontaktar Arbeidstilsynet, men ifølgje Gregersen er dei fleste arbeidsgjevarar flinke til å passe sine tilsette.

Eldre- og folkeminister Åse Michaelsen

Eldre- og folkeminister Åse Michaelsen på besøk på ein sjukeheim i Mandal. Ho oppfordrar folk til å passe på dei eldre i varmen.

Foto: Tom Skogstrøm

– Dei fleste arbeidsgivarane legg til rette for sine tilsette og gir dei fleire pausar. Er ein aleine på jobb derimot, kan det vere problematisk, seier Gregersen.

NRK fortalde tidlegare i sommar om Ghadri Gabriella Amairi frå Bergen som stod på jobb i over tretti grader.

I dag kan det bli årets varmaste dag fleire stader i landet. Følg emneknaggen vår #nrksvett for å sjå kor varmt det vert i dag!

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT