Hopp til innhold

No kan 90 millionar amerikanarar sjå skrekkfilm frå Harastølen

Vakker natur i Sogn, eit digert sanatorium og skumle scener skal visast fram i USA.

Sanatoriet på Harastølen

DIGERT: Harastølen ruvar godt i fjellsida. No kan mange millionar amerikanarar sjå det gamle sanatoriet.

Foto: Tone Merete Lillevangstu / NRK

Heile 90 millionar kan no sjå skrekkfilmen Villmark 2 gjennom strøymetenesta Amazon Prime. Dette er noko som gler produsent Einar Loftesnes.

Villmark 2 filmplakat

SKAL LOKKE SJÅARAR: Slik ser filmplakaten ut for dei amerikanske sjåarane.

– Det er heilt fantastisk. No er Villmark 2 på plass i filmens største land, nemleg USA. På måndag blei filmen tilgjengeleg for millionar av sjåarar på Amazon, som er eit slags Netflix. Dette er stort for oss som lagar film, seier han.

Deler av skrekkfilmen blei spelt inn på Harastølen i Luster og på Kaupanger. Filmen som hadde premiere hausten 2015, handlar om eit sanatorium som står til forfall i ein aude skog på fjellet. Fem kontraktsarbeidarar skal spore miljøfarleg avfall før det enorme bygget skal rivast. Snart står dei ansikt til ansikt med den grufulle fortida til sanatoriet.

Ønskjer at mange ser filmen

Også i verklegeheita er Harastølen er eit gamalt sanatorium. Eit digert, gamalt mursteinsbygg som ruvar i fjellsida over Luster. Bygget har vore brukt som tuberkuloseheim, psykiatrisk sjukehus og asylmottak, men har sidan tidleg på 1990-talet stått tom. Dei siste åra har det blitt brukt til forskjellige innspelingar og spøkelsesjakt.

Einar Loftesnes - produsent for Villmark 2

NØGD: Produsent Einar Loftesnes seier marknaden for norske filmar i utlandet har vore veldig bra siste åra.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

Etter premieren i Norge, har Villmark 2 blitt vist på filmfestivalar i ei rekkje land som Tyskland, Japan, Taiwan, Vietnam og Canada. Det at filmen no blir vist i USA, er stort for produsenten av filmen.

– Vi har laga filmen for at flest mogleg skal sjå den. No byrjar det å skje. Filmen lever.

Lokkar horror-fans

Villmark 2

SKREKK: Anders Baasmo Christiansen er ein av skodespelarane i Villmark 2.

Foto: Another World Entertainment Norway AS

Loftesnes fortel at filmen ikkje berre hamnar i ei stor mengd av filmar, for eit stort magasin med 250.000 månadlege lesarar presenterer filmen.

– Magasinet har ein «label» som heiter «Dread Central presents». Villmark 2 er den første filmen dei lanserer på Amazon Prime. Det er mange horror-fans i USA som ser den på grunn av dette.

Har de fått tilbakemeldingar?

– Ja, folk kan skrive meldingar om filmen, og dei som har kome har vore veldig positive. Dei likar naturen i Sogn, tykkjer skodespelarane er gode og at stemninga i filmen er skummel. Men dei er litt irriterte over at det er teksting på filmen, for den er ikkje dubba.

Håper på Norgesreklame

Men sjølv om skrekkfilm-elskarar over heile verda kan sjå filmen, trur ikkje Loftesnes at dei blir rike.

– Eg trur ikkje det er noko særleg vi tener. men eg veit faktisk ikkje heilt. Vi har ein salsagent som ordnar dette for oss.

– Trur du filmen kan vere med på å selje Norge i utlandet?

– Ja, det trur eg definitivt. Det er fin natur og ein skummel stad.