Hopp til innhold

Her jaktar dei på spøkelse på Harastølen

LUSTER (NRK): Når spøkelselsjegerarar jaktar på det overnaturlege på Harastølen, opplever dei skritt i gangen, skrik og stemmer. Men nokre er skeptiske...

Jane Hustoft Svendsen og Victoria Johansen Møretrø

PÅ JAKT: Jane Svendsen og Victoria Møretrø har fått låne ei maskin som måler elektromagnetisk stråling. Det går ein raud tråd gjennom mange av romma, akkurat som i filmen Villmark 2, der delar av filmen blei spelt inn på Harastølen.

Foto: Linda Watten / NRK

– Eg er livredd, seier Jane, medan venninna ikkje har noko tru på spøkelse eller noko overnaturleg.

Venninnene Jane Svendsen og Victoria Møretrø har høyrt om Harastølen frå både førelesarar ved høgskulen i Sogndal og venner i kollektivet dei bur i. Dei er spente før dei skal gå rundt i gangane i det gamle sjukehuset.

Sanatoriet på Harastølen

RUVAR I TERRENGET: Ein gong var det eit påkosta og moderne sjukehus. No har Harastølen stått tomt i 25 år.

Foto: Tone Merete Lillevangstu / NRK

– Heimsøkt

Det gamle sanatoriet ligg høgt oppe i ei fjellside og har stått der i over hundre år. Det blei bygd som ein behandlingsstad for tuberkulosepasientar. Seinare har bygget blitt brukt som både psykiatrisk sjukehus og asylmottak. Men dei siste 25 åra har det stått tomt og til forfall. Ifølgje rykta er det også heimsøkt.

For medlemmane i Norwegian Ghost Hunters er dette ein hobby og dei 15 medlemmene reiser rundt på oppdrag i heile Norge. Geir Ole Christiansen frå Oslo og Eirik Daleng frå Bergen vender ofte tilbake til nettopp Harastølen.

– Vi tykkjer det er både spanande og kjekt her, seier dei.

Tidlegare har dei hatt nokre opplevingar her som dei vil prøve å attskape denne kvelden.

Jane er mest redd, difor får ho låne ei maskin som måler elektromagnetisk stråling slik at ho blir varsla om det er energiar i romma. Tala og energien kan tyde at noko overnaturleg, uforklarleg ligg i lufta.

– Høyr! Sjå... Såg du det? 19,6, ropar ho.

Vanlegvis er to til fire høge utslag, så dette tyder at det er noko i rommet som gjer utslag på maskina.

Geir Ole Christiansen og Eirik Daleng

SPØKELSESJEGERAR: Geir Ole Christiansen frå Oslo og Eirik Daleng frå Bergen er med i Norwegian Ghost Hunters.

Foto: Linda Watten / NRK

Vil har svar frå spøkelse

Dei to karane frå Norwegian Ghost Hunters tek med seg følgjet til kjellaren. Den er smal og ubehageleg, med vasskadar og avskala måling. Det er mørkt med mange rom som alle er øydelagde. Eit hyl frå ein vettskremt person høyrast i mørket.

Tidlegare har klårsynte hevda at det finst ei jente på lintøylageret i kjellaren, og difor blir det sett opp ei lysmaskin som byrja å pipe og blinke.

Geir og Eirik spør om spøkelset kan slå av lyden. Men det er tydelegvis lite liv i eventuelle gjenferd i kjellaren denne kvelden, for ingenting skjer.

Difor beveger dei seg oppover i etasjane i det enorme og forlatne bygget. Jane og Victoria fylgjer småredde, men skeptiske etter. Det kjem litt lydar frå apparatet, men ikkje heilt overbevist går jentene vidare opp dei lange trappene.

– Det må skje noko for at eg skal tru på overnaturlege ting, seier Victoria.

Jane Hustoft Svendsen og Victoria Johansen Møretrø

SKUMMELT: Venninnene Jane Hustoft Svendsen og Victoria Johansen Møretrø står i dei store trappene som slyngar seg opp til loftet på Harastølen. Dei er prega av store gitter, slik at pasientar ikkje skulle ha sjansen til å kaste seg utanfor.

Foto: Linda Watten / NRK

Har høyrt skritt og latter

Når dei kjem til isolatet, som består av små, klaustrofobiske rom utan vindauge, brukar gruppa lang tid. Her har mange pasientar vore innesperra tidlegare, men ikkje her heller gav det utslag.

Geir og Eirik forklarar at dei tidlegare har opplevd ting her.

– Tidlegare har det vore latter, skritt og lommelykter som slår seg av sjølv.

I enden av gangen er det sett opp eit instrument som lyser raudt. Geir prøver å snakke til eventuelle spøkelse og vil ha svar.

– Om du går bort til det, så veit me at du er her. Det er berre for å gi eit teikn. Bruk all energien du har om du har noko å seie.

– Kan du fullføre denne bankelyden her, seier Geir medan han bankar i ein rytme.

Han forklarar at dei har fått nokre svake dunkelydar tilbake tidlegare. Men denne kvelden får dei ikkje respons. Så går turen til loftet der dei gjer lydopptak medan dei stiller spørsmål til eventuelle spøkelse.

– Der høyrde eg eit eller anna, bak stemma di, seier Geir. Det var noko der, det høyrdest ut som eit svakt «hei».

Rom på Harastølen i Luster

KINOEN: Det gamle kinorommet var ein gong ein av dei flottaste romma på Harastølen. I dag står det falleferdig att.

Foto: Linda Watten / NRK

Håpa på meir action

Men sjølv med ein liten overnaturleg opptur på tampen, har ikkje jentene endra meining om at bygget neppe er heimen til spøkelse. Jane er ikkje fullt så redd lenger og tykkjer det heile er morosamt og spanande. Victoria derimot hadde sett pris på å faktisk få høyre noko.

– Eg tykkjer det var kjedeleg at det ikkje var noko action her. Det var ingen spøkelse, seier ho.

Men dei tykkjer likevel det har vore spennande å gå rundt med boksen.

– Ja, det har vore det mest interessant av alt, for den viser høge tal av og til. Oi, no blei det 22,9, seier Jane.

Geir og Eirik seier det tidlegare har vore utslag i ulike rom, men at det i kveld ikkje var mykje liv.

– Ikkje i dei romma vi tidlegare har hatt mest utslag heller. Tidlegare har vi fanga stemmer på lydopptak, høyrt skritt i gangen, skrik og stemmer som seier «kom deg ut». Det er også målt mykje energi i romma. Men det tek timar med gjennomgåing av lyd for å høyre etter om det faktisk har skjedd noko. Det er likevel ekstra kjekt når vi faktisk opplever og høyrer noko.

Dale i Luster med Harastølen

500 MOH: Harastølen er ei digert, gammalt mursteinsbygg som ligg i fjellsida over Luster.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK