«Harastølen Hotell» er det førebelse namnet på prosjektet. Ein av dei som står bak er Terje Svindland frå Lyngdal. Han driv i dag mellom anna konferansesenteret Kvåstunet.
Har trua på hotell
– Dette er vel siste tog for Harastølen. Om noko skal bli gjort der oppe, må det skje no, seier ordførar i Luster Ivar Kvalen (Sp).
Ordføraren er oppteken av at den særeigne staden på bevarast for framtida, og trur eit hotell kan vere eit godt alternativ.
– Det er ein fantastisk plassering, med ei flott utsikt. Eg trur absolutt at mange ville vore interesserte i å bu på hotell der. Samstundes kunne vi då ha teke vare på bygningane som er der, seier Kvalen.
ENORMT BYGG: Det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster har ei grunnflate på over 1000 kvadratmeter.
Foto: Tone Merete Lillevangstu / NRKInvestor med erfaring frå gardsrestaurant
Terje Svindland driv frå før ein serveringsstad og konferansesenter. Han ser føre seg å byggje opp Harastølen etter same modell.
– Vi vil byrje med å få i stand servering og nokre rom i over to høgder i hovudhuset. Etter kvart har vi lyst til å sette i stand alle bygningane på Harastølen, seier Svindland.
– Bygget er i veldig dårleg stand, har de pengar til det?
– Vi har ein del finansiering på plass, men manglar og ein del. Dette vil vere eit prosjekt i klassen fleire titals millionar, og vi tenkjer at det må vere både offentlege og private investeringar på plass.
HØGT OVER FJORDEN: Harastølen ligg som eit Soria Moria-slott over Lustrafjorden.
Foto: Merete Husmo Høidal / NRKHar angra på kjøpet
Det er kraftselskapet Tinfos på Notodden som eig Harastølen, og administrasjonssjef Øyvind Odden fortel at dei har jobba lenge for å finne nokon som vil investere i dei falleferdige bygga.
Tidlegare har Tinfoss innrømma at kjøpet av Harastølen var ei dårleg investering. Dei har brukt mykje krefter på å prøve å finne nokon som vil kjøpe det frå dei.
– Vi har vore i dialog med desse aktørane i ei stund no, og har trua på at det kan bli noko av seier Odden.
ISOLERT: Dei gamle bygningane ligg langt til fjells, og er i dag isolerte om vinteren.
Foto: NRKOrdføraren meiner prosjektet er realistisk
Opp igjennom åra har det vore fleire aktørar som har hatt planar om å ta Harastølen i bruk til eitkvart. Ordførar Ivar Kvalen meiner planane om hotelldrift er blant dei meir realistiske som har kome fram.
– Dei har haldt på med planlegginga av dette i eit par år no, og vi i kommunen har blitt orientert. Eg forstår det slik at dei begynner å få finansieringa på plass, seier Kvalen.