– Vêret er heilt fantastisk, og det har kome ein del folk. Vi vil ha tre nedfartar og fire heisar i drift i løpet av dagen, seier Tore Karlsen, som sitt i styret for Harpefossen skisenter.
I dag opna Harpefossen skisenter, Sunnfjord skisenter og Jølster skisenter delar av sine anlegg, etter ei veke der dei har produsert kunstsnø 24 timar i døgnet. Vêrmeldinga for resten av helga er strålande og skisentera skal halde ope både laurdag og søndag.
Sjå oversikt over opne skisenter lengre nede i saka.
- Les også:
- Les også:
Har plass til fleire
Då NRK snakka med skisentera rundt klokka 12 laurdag var det så smått begynt å kome folk i anlegga, men alle hadde ein ting til felles.
– Vi har vel hatt om lag 50 personar inn så langt, men det er plass til mange fleire. Vi håpar fleire kjem utover dagen, seier Karlsen.
Årets vinter har vore den mest snøfattige på over 60 år og fleire skisenter har berre hatt ope nokre få dagar.
– Vi har fått opna familiebakken no og det har begynt å kome folk i bakken, men vi har plass til fleire, seier nestleiar ved Sunnfjord skisenter, Hallvard Nygård.
For dette er status skisentera i fylket, laurdag 11. februar:
- Jølster skisenter: Ein fjerdedel av bakken er opna.
- Sunnfjord skisenter: Familiebakken er open.
- Harpefossen: Tre nedfartar og fire heisar er i drift.
- Sogn, Sogndal og Hornindal skisenter: Alle tre har vore opne lenge og er det framleis.
- Stryn vinterski: Har produsert kunstsnø, men ikkje nok til å opne.
- Breimsbygda skisenter: Har ikkje kunstsnøproduksjon, ventar på natursnø.
- Langeland skisenter (langrenn): Planerer ut og har løype klar søndag.
- I tillegg er Filefjell og Myrkdalen open.
Langrennsløypene nærmar seg
Også på Langeland skisenter har dei produsert store mengder kunstsnø, og snøkanonane har stått på døgnet rundt sidan tysdag. Søndag tar dei sikte på å opne langrennsløypa.
– Vi har laga mykje snø, og skal fordele den utover så vi får ei løype på to kilometer klar søndag, seier driftsleiar Magne Øvrebø.
– Dette har vel folk venta på?
– Ja, vi har fått mange telefonar frå folk som lurer på når vi opnar og om dei kan gå i dei lange løypene våre. Dei som vil gå tre-fire mil kan det, men då får dei gå mange rundar, seier Øvrebø lattermildt.