Hopp til innhold

Isen er så tjukk – men kommunen innfører skøyteforbod

ÅRDAL (NRK): Kommuneleiinga nektar innbyggarane å gå på isen – sjølv om han er nesten 30 centimenter tjukk. – Alt skal ikkje vere styresmaktene sitt ansvar, seier jussprofessor.

Sipke Paulides måler isen på Årdalsvatnet til å vere 27,5 centimeter tjukk.

TJUKK NOK? Etter å ha målt isen til 27,5 centimeter, henta Sipke Paulides fram skøytene i førre veke. Søndag var det slutt på moroa.

Foto: Sondre Dalaker

Mellom Årdalstangen og Øvre Årdal lengst inne i Sognefjorden ligg Årdalsvatnet, 12 kilometer langt.

Det er ikkje ofte at det frys, men i år fraus det att på ny.

Nederlendar og årdøling Sipke Paulides var difor ikkje sein om å be. Etter å ha målt isen til 27,5 centimeter, henta han fram skøytene i førre veke.

Ifylgje Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE) kan stålisen reknast som trygg om han er 10 centimeter tjukk.

Men søndag var det slutt på moroa for Paulides og dei andre årdølene som hadde funne fram skøytene.

Då innførte kommunen eit forbod mot å gå på isen, med heimel i paragraf 14 i politivedtektene: «Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande føresegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.»

På nordsida av vatnet kjem varmt vatn frå prosessindustrien ut.

– Folk må forstå at me gjer dette for å unngå tragiske hendingar, sa tenestestadsleiar Magne Knudsen i avisa Porten.

PÅ FJORDEN: Laurdag 6. februar var ein fin dag på Lustrafjorden ved Høyheimsvik, og mange nytta høvet til ein tur på isen.

LUSTRAFJORDEN: Mange nytta høvet til ein tur på isen på Lustrafjorden ved Høyheimsvik sist laurdag.

Foto: Magne Bergset

​​​​ – Undergrev innbyggjarane sin rett til sjølve å velja

Sidan har debatten gått høgt i Årdal. Eit ansvarleg, resolutt og adekvat forbod gitt kva som står på spel – liv og død?

Eller eit overspent tiltak som undergrev fridomen til innbyggarane og ikkje tek dei på alvor som ansvarlege vesen?

Mest det siste, meiner kommentator i Sogn Avis, Hanne Stedje.

– Å undergrava innbyggjarane sin rett til sjølve å velja, er ein ting. Men å beint fram grovt undervurdera innbyggjarane sin evne til å vurdera kva fare dei vil utsetja seg for, er nesten verre, seier ho.

Sjølv har ho «ingen som helst» interesse av å bevege seg ned på isen, som ho har utsikt til frå kjøkkenvindauget sitt. Ikkje desto mindre er ho betenkt over dei prinsipielle sidene ved saka.

– Kommunen må gjerne kome med tilrådingar, men i eit liberalt samfunn må terskelen for å forby ting vere høg. Denne saka skaper ein uheldig presedens.

Også på Oslofjorden vert allemannsretten diskutert, etter at sju personar gjekk gjennom isen sist søndag.

LES OGSÅ: Politiet ber folk om å halde seg unna isen

Mange la søndagsturen til isen utenfor Sandvika i Bærum.

Politiet åtvarar mot utrygg is i Oslo, Asker og Bærum. Nå ber de folk halde seg unna isen på Indre Oslofjord.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Hans F. Marthinussen er jussprofessor på Universitetet i Bergen. Han «trur» Årdal kommune har heimel for å ta i bruk politivedtektene, «så lenge det reelt dreier seg om farlege område.»

– Folk er litt som lemen. Når nokre begynner å gå på isen, så følger andre hovudlaust etter. Eg bor sjølv ved et vann, men har slutta å gå på 6–7 cm is med piggar rundt halsen fordi barna i nabolaget da følger etter. Men eg synest terskelen for å forby ferdsel på is bør ligge høgt. Alt skal ikkje vere styresmaktene sitt ansvar.

– Du får ein skikkeleg støkk

– Eg skjønnar at folk blir forbanna, men vi gjer ikkje dette for å terge folk. Vi gjer det for å vere på den trygge sida, seier ordførar Hilmar Høl til NRK.

Tidlegare i år fann årdølane ein sparkesykkel ved ein råk i ei elv ein annan stad i kommunen, og mistenkte at eit born hadde falle uti. Redningstenesta rykte ut, men eigaren av sykkelen hadde berre gått heim.

– Du får ein skikkeleg støkk når noko slikt skjer, sa ordføraren då.

Han viste også til ein eigen oppleving då han seks år gammal hamna under isen, og han til alt hell overlevde.

På Facebook skriv kommunen om tre baner som er islagde og tilgjengelege.

– Ein balløkke er ikkje noko for oss som går på lengdeløp, seier Kjell Eknes.

Han er urmakar i Årdal, og har gått på vatnet kvar vinter det har vore mogleg – gjennom heile livet. Forbodet smakar av formynderi, meiner han.

– Det er som å seie at innbyggarane sjølv ikkje har greie på dette.

– Eg skjønnar at folk blir forbanna, men vi gjer ikkje dette for å terge folk. Vi gjer det for å vere på den trygge sida av statuttane om å vere eit trygt lokalsamfunn, seier ordførar Hilmar Høl til NRK.

EIN STØKK: Tidlegare i år vart det funne ein sparkesykkel ved ein råk i Årdal. Redningstenesta rykte ut, men eigaren av sykkelen hadde berre gått heim. – Du får ein skikkeleg støkk når slikt skjer, seier ordførar Hilmar Høl (bilete).

Foto: Hanne Stedje / Sogn Avis
Flere vann på Sørlandet har fått is de siste dagene. En ekspert ber folk være varsomme før de begir seg ut på islagte vann. Tykkelsen bør minst være 10 centimeter på isen, er rådet: