NRK Meny
Normal

No startar dei snøproduksjonen

Når «villsnøen» sviktar, må skianlegga lage snøen sjølv. Og no er temperaturen slik at det let seg gjere, mellom anna i Jølster skisenter.

Snøproduksjon i Jølster Skisenter

KUNSTSNØEN LEGG SEG: Så sant vinden ikkje tek med seg for mykje av det som kjem ut av snøkanonane kan det kanskje bli opning om fem-seks dagar.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Dagleg leiar Even Hole kan nøgd slå fast at det legg seg eit kvitt teppe over delar av bakken.

– Vi torde skru på snøkanonane i går kveld, og det er veldig kjekt at vi kan lage snø. Vi har hatt ope nokre få dagar i vinter, og folk har vore her og kjøpt sesongkort. Så har snøen regna bort, og no må vi prøve å få anlegget i gang att.

– Forferdeleg månad

For det har sant å seie vore ein trøysteslaus vinter så langt for Even Hole og for mange andre som gjerne vil tilby folk gode skiopplevingar. Så langt i sesongen har Jølster Skisenter i Bjørkelia hatt ope fire heile dagar og tre kveldar. Dei har nett avlyst eit FIS-renn.

– Januar vart ein forferdeleg månad for oss. No må vi byggje bakken opp att heilt frå byrjinga og prøve å tilby ei god og trygg vare resten av sesongen. No står vi på 280 meters høgde, og her er det berrt, men vi har att nokre restar av snø lengre oppe.

Mellom 80 og 90 prosent av bakken i Bjørkelia er utan snø, det er brunt. Berre nær snøkanonane er det kvitt.

– Det er kjekt at vi har fått nokre kuldegrader, og at vi no kan lage såpass mykje snø. Det er dyrt, men vi er nøydde til å tilby noko til folk i Sogn og Fjordane. Vi treng fem-seks dagar med produksjon natt og dag før vi kan tilby ein sikker nedfart, seier Even Hole.

– Sisyfos-arbeid

Hole er redd for at også dette arbeidet kan vise seg å vere bortkasta.

– Det er eit Sisyfos-arbeid. Men vi set vår lit til yr.no. I starten var det så mykje vind at vi hadde inntrykk av at snøen vi laga hamna nede på Moskog. Difor flytta vi snøkanonane lengre ned. Når vinden løyar, flyttar vi dei oppover.

– Korleis er det å drive eit skianlegg der det har vore så lang tid utan at det har vore mogeleg å stå på ski?

– Det er forferdeleg trasig. Og sjølv om det ikkje har vore noko eg kunne ha gjort med det, så føler eg det det heftar ved meg og namnet mitt at vi ikkje greier å få det til. Men vi har vore på ballen heile tida og utnytta alt vi kunne utnytte, seier Even Hole, som kryssar fingrar for at vêret i tida framover er med dei og ikkje mot dei.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.