Hopp til innhold

Ndure med ny norsk innandørsrekord på 100 meter

Sprintaren Jaysuma Saidy Ndure klinka til med 10,19 på 100 meter under Florø Indoor, og sette dermed ny norsk rekord innandørs. Han meiner det lovar gode tider når utandørssesongen tek til.

Created by InfoDispatcher

JUBLA: Jaysuma Saidy Ndure var hoppande glad etter 100 meteren i Florø. Foto/redigering: Truls Kleiven

– Eg er spent på det som kjem til sommaren. I fjor sprang eg på 10,30 her innandørs, og ute sprang eg på 10,06, så dette viser at eg er i betre form og har trent betre. Eg er veldig nøgd, seier Jaysuma Saidy Ndure etter løpet.

Han meiner ting fungerer slik som det skal, og at han og trenarane har gjort ein god jobb. Men det er meir som kan gjerast.

– Starten har vi ikkje fokusert så mykje på, men avslutninga mi er heilt vanvettig. Eg har vorte mykje, mykje sterkare og betre. No skal vi jobbe meir med starten, og så sit det heilt, seier Ndure.

Heilt sjukt å klare noko slikt

Han har ei klar målsetjing om å setje ny personleg rekord både på 100 og 200 meter i år.

– Viss vi klarar å gjere det, er vi veldig godt nøgde, seier Ndure.

Med to 60 metrar i beina før 100 meteren, er Ndure godt nøgd med 10,19 på 100 meter.

– Å gjere det i februar er heilt sjukt. Eg har aldri gjort noko slikt, så det syner berre at vi har store tider i vente til sommaren, seier Ndure.