NRK Meny
Normal

I kvar skuleklasse vil det vere fire ulike diagnosar som krev særskilt tilrettelegging

I kvar skuleklasse vil det vere fire ulike diagnosar som krev ei eller anna form for særskilt tilrettelegging. Det syner ei omfattande kartlegging av 800 elevar i indre Sogn.

Prosjektoppgåve

STOR KARTLEGGING: F.v. Stine Steig, Rita Å. Vikdal, Linn Tove Berdal og Åse Julusmoen har kartlagt ungdomsskulane i fleire kommunar forå finne kva særskilde pedagogiske behov som er til stades hjå elevane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Lærarstudentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjennomført undersøkinga, og fleire av dei er overraska over at problemet er så omfattande.

For lærar Åse Julusmoen i Leikanger, som er ein av studentane bak undersøkinga, var det derimot ikkje eit overraskande resultat.

– Spesialpedagogiske tiltak aukar i klassane, men det treng ikkje å bety at vanskane ikkje har vore der før. Det har kanskje ikkje vorte kartlagt på same måte, seier Julusmoen.

Fann 184 diagnosar blant 800 elevar

Saman med fem andre lærarstudentar har ho sett nærare på elevane sine særskilde behov i ungdomsskulen. Funna var omfattande.

– Dysleksi, språkvanskar, migrasjonsrelaterte språkvanskar, psykisk utviklingshemming, ADHD, dyskalkuli, angst og diabetes, seier lærarstudent Linn Tove Berdal, som les frå den lange lista.

Blant 800 elevar fann dei 184 diagnosar. Undersøkinga omfatta 11 ungdomsskular med til saman 795 elevar på 8. - 10. trinn. Funna gjer at ho gru-gler seg til første dag som lærar i august.

– Eg skal ikkje leggje skjul på at eg både gler og gruar meg. Når ein møter elevar med særlege behov og diagnosar, så stiller det store krav og forventningar til deg som lærar. Til dømes det å skrive ein individuell opplæringsplan, seier Berdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Berdal og Steig

UTFORDRANDE: Både f.v. Linn Tove Berdal og Stine Steig trur det blir utfordrande når ein får ansvar for ein klasse heilt åleine.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Må stå på eigne bein

Også medstudent, Stine Steig, trur det blir utfordrande å finne ut korleis kvar elev kan få best mogleg opplæring.

– Ein må kartleggje på eiga hand. Til no i praksis har vi hatt ein kontaktlærar som vi har kunne spørje og få hjelp frå. No må eg stå på eigne bein. Eg skal ha klassen åleine og eg må finne ut sjølv kva eg kan gjere med elevane, kva som fungerer og kva som ikkje gjer det, seier Steig.

Dei to har teke fordjuping i spesialpedagogikk, og er overraska over at elevmassen er så mangfaldig.

Det er derimot ikkje professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug.

– Dette burde ikkje overraske nokon. Dette er den utfordringa som skulen har stått ovanfor i uminnelege tider, og dette er den utfordringa som lærarane møter kvar einaste dag, seier Haug.

Trur motivasjonen blir større

Han trur fleire lærarar vil ta etterutdanning når dei ser kva behov elevane ute i klassane har.

– Når ein står der, så føler ein på kroppen kva ein manglar. Då er motivasjonen for å skaffe seg det ein manglar, truleg mykje større, seier Haug.

Linn Tove Berdal er glad for at ho er utrusta med spesialpedagogikk.

– Vi får vite litt om dei vanskane som vi så godt veit om er der ute i skulen, til dømes som dysleksi og migrasjonsrelaterte vanskar. Kanskje får vi nokre tiltak som vi kan ta til med når vi kjem ut i skulen, slik at vi ikkje står der og skal finne opp krutet på nytt, seier Berdal.

Treng velfylt verktøykasse

Åse Julusmoen i Leikanger har 20 års erfaring som lærar, og veit kvar skoen trykkjer.

– Eg er avhengig av at eg har elevar som er flinke til å kommunisere kva dei treng hjelp til, nettopp fordi kvardagen er travel, seier Julusmoen.

Ho forstår at nyutdanna kan bli overvelda.

Åse Julusmoen

STÅ I DET: Åse Julusmoen ved Leikanger ungdomsskule har 20 år bak seg som lærar, og understrekar at det gjeld å stå i det når ting vert krevjande.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Når du opplever «hjelp, kva gjer eg no?», så må du faktisk stå i det. Det er ikkje slik at du kan seie at du ikkje vil ha ein klasse. Du må finne løysingar og jobbe deg gjennom det, seier Julusmoen.

Ho peikar på at det å ha ei velfylt verktøykasse med tiltak er heilt essensielt.

– Det å vite kva ein kan gripe fatt i og kven ein kan kontakte. Det kan nok vere eit sjokk, for dei gode råda vi får frå andre instansar, det er det vi som må praktisere, seier Julusmoen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå