Hopp til innhold

Meteorolog meiner orkanoffer burde få pengar

Meteorolog meiner orkanen Tor var så ekstrem at det blir feil å nekte orkanoffer erstatning.

Molo Vingelven

KOSTNADAR FOR EIN MILLION: Den veglause garden Vingelven treng lekter for å få fram utstyr til å reparere moloen. Eigaren fryktar moloen skal ryke ved neste storstorm.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Orkanen Tor raserte moloar og kaier, men ingen av dei som har søkt om naturskadeeerstatnig etter slike skader får pengar, fordi vasstanden var for låg.

Ein av dei som har fått avslag er Rolf Vingelven som har gått glipp av ein million kroner.

Seniorrådgjevar Knut Harstveit ved institutt for Vindteknikk har studert orkanen på oppdrag frå NVE, og meiner Vingelven burde få pengar:

– Eg meiner dei burde fått ei ny vurdering, fordi skadane kjem som ein kombinasjon av svært sjeldne hendingar.

Mangla seks cm på ein million kroner

Vingelven og 45 andre fekk avslag fordi Kartverket sine målarar synte at havnivået var under fem års intervallgrense for stormflo. For målaren i Måløy var den seks cm under.

Rolf Vingelven

OPPGITT: Rolf Vingelven trur ikkje det kan bu folk på garden utan molo.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Då hjelpte det lite at sjøen vaks seg enorm mot moloen som er livsnerven til omverda på det veglause småbruket i Bremanger.

– Eg hadde håpa å få reparert moloen, men det ser mørkt ut, sa Rolf Vingelven til NRK førre veke.

– Noko slikt skjer berre opp mot kvart femtiande år

Knut Harstveit har skildra orkanen i ein NVE – rapport og har lang erfaring med vindskadar.

Knut Harstveit

NY VURDERING: Meteorolog og seniorrådgjevar ved Kjeller Vindteknikk meiner erstatning bør søkjast om på nytt. Han gir gjerne Rolf Vingelven ei grunngjeving.

Foto: Studio OSCAR / Kjeller Vindteknikk

Han meiner det er feil at reglane berre ser på vasstand, når den samla skadeeffekten av bølgjer og vind er stor.

Tor er den sterkaste middelvinden målt i Norge, og etter Nyttårsorkanen og Dagmar rekna som den tredje sterkaste orkanen i nyare tid.

– Når ein ser kombinasjonen av vinden, dønningane, og den relativt høge vasstanden så er dette eit tilfelle som førekjem mykje sjeldnare enn kvart femte år, kanskje opp mot kvart femtiande år, seier meteorologen.

Rettar seg etter lova slik ho er vedteken

Naturskadelova vart nyleg gjennomgått og vedteken på nytt i Stortinget. Ved fire ulike gjennomgangar har ein bestemt seg for å halde på avgrensinga om stormflo.

Seniorrådgjevar Tron Reidar Bøe i Landbruksdirektoratet sa til NRK førre veke at Naturskadeordninga rettar seg etter lova:

– Alle, også vi som jobbar med dette, skjønar at skadane skuldast stormen, likevel gjer det ikkje det i Naturskadelova si tyding. Ein får ikkje erstatning om ikkje skadane direkte skuldast vind, når hendinga ikkje kan reknast som erstatningsbetingande stormflo. Det er slik lovgjevarane har bestemt det, seier Bøe.

Fekk orkanen Tor midt i mot

Harstveit seier at saka med Vingelven er spesiell, sidan garden ligg nordvest inst i Frøysjøen. Kjempeorkanen kom rett i mot:

– Frøysjøen ligg ope mot sørvest. Fjella gjer at vinden blir svært sterk. Lokal vindhastigheit kan bli ekstra stor i Vingpollen, og kan igjen drage opp ganske store bølgjer.

Vingelva