Hopp til innhold

Slik blir vêret gjennom sommaren

Blir det is og bading eller ein sommar med paraply og støvlar? No er prognosane klare.

Iskremspising i Sola

25 grader ved Breimsvatnet

Foto: Randi Ryssdal

Etter ein litt kjølig vår, kom endeleg sommaren. Og sommaren ser ut til å bli av det varme slaget i Sør-Noreg.

– Det ser ganske bra ut. Eg ser først og fremst på temperatur. Det er utruleg vanskeleg å seie noko om nedbør, seier Erik Kolstad, klimaforskar ved forskingsinstituttet NORCE og Bjerknessenteret.

Sjølv bomma han litt på klesdrakta i det som fyrst var eit sommarleg Bergen.

– Det byrja først å regne etter at eg gjekk i dag tidleg, ler Kolstad

Midnattsol på Bøsanden i Steigen.

Midnattsol på Bøsanden i Steigen.

Foto: Heidi Iren Rosenby

Varmt i sør, kjøligare i nord

Akkurat no ser det ut til at det fine vêret skal halde ei stund. Juli ser også ganske bra ut temperaturmessig.

– I Sør-Noreg vel og merke. I Nord-Noreg ser det diverre litt dårleg ut.

Ved hjelp av datamodellar av tilstanden i havet og i atmosfæren reknar NORCE og Bjerknessenteret seg fram til sannsynlege vêrscenarier.

– Vi kan ikkje seie noko om korleis det blir onsdag om to veker. Men vi kan kanskje seie noko om korleis den veka blir – sett under eitt.

Måten dei gjer det på er at dei lager fleire hundre prognosar. Og så ser dei etter tendensar blant dei mange prognosane.

Kvam i Trøndelag

20 grader i Kvam sist helg.

Foto: Vigdis Stigum

Nyt sommarvarmen

I Førde nyt tre veninner livet i sola langs breidda av Jølstra som renn gjennom byen.

– Vi er akkurat ferdige med eksamen, og har ikkje så mange skuletimar om dagen. Då er det fint å bruke nokre fritimar her, seier jentene.

Etter ein kald og våt sommar i fjor, er veninnene glade for å høyre at forskarane no går langt i å love ein varm sommar i år.

– Det er kjempebra, det er det vi treng no, seier Alida Marie Ulvik.

Alida Marie Ulvik, Linnea Helgheim Espeland og Linnea Botnen

Alida Marie Ulvik, Linnea Helgheim Espeland og Linnea Botnen nytt sola langs Jølstra.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Juli blir truleg varmare enn normalt

På grunn av den høge usikkerheita i prognosane, kan ikkje forskarane seier om heile juli blir tørr, våt, varm eller kald.

– Men i snitt blir sommaren sannsynlegvis varmare enn normalt. Det gjeld både Vestlandet og Austlandet.

Det er gode teikn for dei som likar ein varm sommar, men samstundes byr varmen også på problem.

Hovdevatnet i Ørsta

Hovdevatnet i Ørsta.

Foto: Oddbjørg Lid

Auka skogbrannfare

– No er det ein tørkeproblematikk og skogbrannproblematikk som er verst på Austlandet, og som kan utvikle seg.

Men i det store og det heile ser sommaren ut til å bli slik folk ynskjer. Det er ikkje sikkert at det blir tørt heile juli, sjølv om månaden under eitt blir tørr.

– Ein varmare sommar betyr også meir styrtregn?

– Ja, det er noko som har byrja å gjere seg gjeldande i Noreg og for så vidt også på Vestlandet. Til dømes i Jølster 2019 og episodar som det.

Varme kan og føre til auka fare for styrtregn

Det er noko som er nytt. Når lufta er svært varm kan den også halde på meir luftfukt. Når det då først regnar, så får du fort styrtregn.

– Intensiteten på regnet har gått opp. Mest på Austlandet, men også på Vestlandet. Som oftast er det tørt når det er varmt, men så får ein kanskje ei ettermiddagsbye eller noko sånt.