Hopp til innhold

Orkanen «Tor» er det sterkaste ein har målt i Norge – nesten ingen får erstatning

VINGELVEN (NRK): Dei fekk millionskadar på moloen og kaien som lar dei halda kontakt med omverda under «Tor», men får ikkje erstatning fordi «slike objekt ikkje bles ned».

Trond Lødøen og Rolf Vingelven

FRUSTRERTE: Arkeolog Trond Lødøen (t.v.) og Rolf Vingelven ser på skadane Rolf har fått på moloen sin etter orkanen «Tor». Men saman med 45 andre har Vingelven fått avslag på søknad om erstatning frå Statens Naturskadefond, fordi sjøen ikkje var grov nok.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Skadane er på ein million kroner, eg skjønar ikkje at vêret ikkje var gale nok, seier Rolf Vingelven.

Vingelven og kona bur på ein av dei mest avsidesliggande gardane i Nordfjord. Hit kjem ein berre etter 20 minutt med båt.

Vingelven i Nordfjord

VINGELVEN: Vingelven i Bremanger kommune er ein av dei mest avsidesliggande gardane i Nordfjord.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Under orkanen «Tor» i januar 2016 knuste bølgjene moloen og flytta steinar som stengde innløpet.

Men Statens Naturskadeordning meiner sjøen under «Tor» ikkje var grov nok. Alle som har søkt om erstatning på skader på molo eller kai har fått avslag.

– Vatnet som kom inn er noko av det verste eg har sett, sjøen braut over og det var ikkje råd å gå ute på grunn av vindstyrken, seier Vingelven.

– Ein molo kan ikkje blåse ned

Statens Naturskadefond har fått inn 77 søknader om naturskadeerstatning etter «Tor». 22 skader som skuldast sterk vind er innvilga, medan dei 45 som skuldast grov sjø fekk avslag.

Tron Reidar Bøe

MÅ GI AVSLAG: Seniorrådgjevar i Landbruksdirektoratet, Tron Reidar Bøe.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Naturhendinga var storm. Ein storm fører ikkje til direkte skade på kai eller molo, fordi slike objekt ikkje bles ned. Under «Tor» har kraftig vind laga bølgjene som har skada moloar, det er ei indirekte skade etter Naturskadelova, seier Tron Reidar Bøe som er seniorrådgjevar i Landbruksdirektoratet.

Mangla seks centimeter

I fylgje Kartverket mangla det seks centimeter på stormflo etter krava i Naturskadelova, då hjelp det lite at stormen faktisk smadra moloen.

– Alle forstår at skadane skuldast stormen, men det gjer det ikkje etter Naturskadelova, seier Bøe.

For ekteparet på Vingelven er moloen livsnerven til omverda. Ekteparet dreg på åra.

– Steinane i innløpet til moloen gjer at ein kjem seg til og frå berre på flo sjø. Ved neste storstorm ryk vel resten av moloen, sukkar Rolf Vingelven.

– Eg synest det er ei skam

Rolf Vingelven

SKUFFA: Rolf Vingelven er skuffa over at dei ikkje får erstatning, og fryktar at resten av moloen kan forsvinna i neste storm.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Etter orkanen «Dagmar» betalte Naturskadefondet ut 1,1 milliard kroner i erstatning.

I over hundre år har garden Vingelven hatt ei oppsynsrolle med det særs viktige helleristningsområdet Vingen i Bremanger.

Arkeolog Trond Lødøen ved Universitetet i Bergen har derfor engasjert seg i saka.

– Eg synest det er ei skam. Rolf Vingelven har hjelpt oss med bevaring av Vingen i mange år, men når han treng hjelp då sviktar storsamfunnet.

– Det blir ikkje hjelp i å vere her

Rolf si niese, Kristin Farestveit, har overteke garden og moloen i Vingelven. Familien vil ha garden som feriebustad.

Men Rolf Vingelven fryktar at den øydelagde moloen er starten på slutten.

– Det ser ikkje lyst ut. Utan molo så er ikkje det hjelp i å vere her i det heile tatt.

Kristin Farestveit og Rolf Vingelven

TATT OVER: Kristin Farestveit t.v. har tatt over hovudbruket på Vingelven, og dermed også moloen.

Foto: Jørgen Eide / NRK
Molo Vingelven

ØYDELEGGINGA: Delar av moloen er vaska vekk.

Foto: Jørgen Eide / NRK