Hopp til innhold

KrF om nei til erstatning: – Dette er absurd og stikk i strid med sunn fornuft

Orkanen «Tor» raserte moloar og kaier langs kysten, men staten nektar erstatning. KrF er opprørt og lovar full gjennomgang.

Molo Vingelven

VASKA VEKK: Det vart gjort skader på moloen på Vingelven i Bremanger for ein million kroner. Men noko erstatning frå Statens Naturskadefond kan eigarane sjå langt etter.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Tore Storehaug

TEK SAKA VIDARE: Tore Storehaug sit i energi- og miljøkomiteen for KrF. – Om det verkeleg er slik at paragrafane er forma ut på ein måte som er stikk i strid med sunn fornuft, så må vi gjere noko.

Foto: Peter Lang

– Dersom ein ikkje forstår at vind og bølgjer fører kjem i lag, verkar i lag og fører til skader i lag, då har ein ikkje opplevd uvêr på Vestlandet, seier miljøpolitisk talsperson for KrF, Tore Storehaug.

Den nyvalde stortingspolitikaren frå Sogn og Fjordane varslar at han umiddelbart vil ta tak i Naturskadelova. For slik det er no meiner han den ikkje tener formålet.

– Formålet er jo at ein skal kunne vege opp for at det skjer skader på privatpersonar sin eigedom, som er langt utanfor deira kontroll, seier Storehaug.

Får ikkje erstatning fordi «slike objekt ikkje bles ned»

Orkanen «Tor» trefte Norge med ei veldig kraft då den i slutten av januar i fjor bles inn over ni fylke. Aldri før har det vore mål så kraftig vind.

Likevel har Statens Naturskadefond gitt avslag på dei 45 søknadane om erstatning på skader som skuldast grov sjø etter ekstremvêret sine herjingar.

På Vingelven i Bremanger i Nordfjord er Rolf Vingelven mildt sagt oppgitt. Der gjorde orkanen skader for over ein million på moloen. Men Statens Naturskadeordning meiner sjøen under «Tor» ikkje var grov nok.

– Naturhendinga var storm. Ein storm fører ikkje til direkte skade på kai eller molo, fordi slike objekt ikkje bles ned. Under «Tor» har kraftig vind laga bølgjene som har skada moloar, det er ei indirekte skade etter Naturskadelova, seier Tron Reidar Bøe som er seniorrådgjevar i Landbruksdirektoratet.

Trond Lødøen og Rolf Vingelven

FRUSTRERTE: Arkeolog Trond Lødøen (t.v.) og Rolf Vingelven ser på skadane Rolf har fått på moloen sin etter orkanen «Tor». Men saman med 45 andre har Vingelven fått avslag på søknad om erstatning frå Statens Naturskadefond, fordi sjøen ikkje var grov nok.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Vil rydde opp

Tore Storehaug forstår at Landbruksdirektoratet må følgje dei reglane som finst. Samtidig er han ikkje nådig i kritikken av utforminga av regelverket.

– Viss det er slik at reglane ikkje forstår uvêr som uvêr, men at det er slik at om det er storm så skal skaden vere gjort av vind, medan ein samtidig ser vekk frå at aktiviteten i sjøen aukar som følgje av uvêret... Då har ein ikkje teke innover seg korleis naturen verkar, seier han.

Storehaug sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, og vil no ta saka vidare.

– Havnivået er høgare og vi har eit villare og våtare vêr enn tidlegare. Då må vi tilpasse oss det, og det krev at det offentlege har midlar og ordningar der vi kan ta ansvar for dette på ein god måte.

MDG-politikar Stein Malkenes frå same fylke vil også be si partileiing om å jobbe for endringar.

– Det kan neppe ha vore Stortinget sin intensjon ved innføring av Naturskadelova at store naturskadar som følgje av grov sjø, som konsekvens av ein orkan, ikkje skal definerast som skader som utløyser naturskadeerstatning.