Hopp til innhold

Familien: – Det var tunge nyheiter å få

JØLSTER (NRK): Familien er skuffa og i djup sorg etter at søket etter den omkomne Ingar Sægrov er resultatlaust. Gjenstanden dei trudde var bilen hans synte seg å vere ein bunt med nettinggjerde.

Kjell Otto Gjesdal ved Jølstravatnet.

I SORG: Kjell Otto Gjesdal ved Jølstravatnet torsdag. Han og resten av familien hadde eit sterkt håp om at bilen og den omkomne skulle bli funne.

Foto: Bård Siem / NRK

30. juli i år blei bilen til Ingar Sægrov tatt av eit jord- og steinras på sørsida av Jølstravatnet i Sogn og Fjordane.

Førre veke starta eit omfattande arbeid med å finne igjen bilen og Sægrov på botnen av det djupe vatnet.

Men i dag kom nyheita om at det leitemannskapa trudde kunne vere bilen, synte seg å vere noko heilt anna. Metallet synte seg å vere ein gjerdebunt.

Ingar Sægrov (innfelt) omkom i raset ved Jølstravatnet.

MISTA LIVET: Ingar Sægrov mista livet då enorme nedbørsmengder førte til jordskred på sørsida av Jølstravatnet i slutten av juli.

Foto: privat / arkiv

– Vi har levd i håpet

Ingar Sægrov etterlet seg ein stor familie med sambuar, barn og barnebarn. For dei var det skuffande i den djupa sorga at bilen ikkje har blitt funnen.

– Det var tunge nyheiter å få, men det var ikkje heilt uventa. Vi har levd i håpet om at det var bilen som var der, men det var også mogleg at det var noko anna, seier familien sin talsmann, Kjell Otto Gjesdal.

For familien og dei nære venene er det tungt at håpet om å finne igjen deira kjære no er svært lite.

– Det tyngste er at det ser ut for at vi ikkje finn han. Det er tungt. Familien tar det med fatning, vi har vore budde på det. Men vi hadde håpa at utgangen var ein annan.

– Eg må innrømme at håpet svinn hen, seier innsatsleiar i politiet, Torbjørn Thue etter at gjenstanden som er funnen viste seg å vere ein samankveila bunt av eit nettinggjerde.

Fann metallgjenstand

Politiet fann i august ein større metallgjenstand på om lag 170 meter djupne, 660 meter ut i Jølstravatnet.

I fleire månader har politiet trudd at dette var delar av bilen som vart teken av raset ved i Årsetbakkane.

Dette er den einaste gjenstanden som har gjeve utslag på metalldetektor i vatnet etter rasa, både i sommar og denne veka.

Politiet har fått bekrefta at det var sett opp eit nytt gjerdet rett før raset kom.

– Dette er ein nedtur både for oss og dei pårørande, seier innsatsleiaren.

Han legg til at dei heile tida har vore klar over at gjenstanden kunne vise seg å ikkje vere bilen.

– Dei pårørande tek det bra. Det verkar som dei var førebudd på at dette kunne skje, fortel Thue.

– Går mot slutten

Thue seier vidare at dei ikkje gjev opp heilt enno, men om det ikkje blir noko meir funn dei neste dagane vil oppdraget bli avslutta.

– Vi antar at den omkomne er i bilen, og bilen let seg ikkje lokalisere slik det ser ut no. Vi ser at det går mot slutten av arbeidet, seier han.

For familien er det tøft å få beskjeden om at leitinga er resultatlaus.

– Du får ikkje svar, du får ikkje ei avslutning på ting. Det er det tyngste, seier Kjell Otto Gjesdal.

Torbjørn Thue

VELDIG SKUFFANDE: Innsatsleiar i politiet, Torbjørn Thue er skuffa over funnet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK