Politiet opna vegen der bil vart teken av ras – no beklagar dei

VASSENDEN (NRK): Fylkesvegen langs sørsida av Jølstravatnet var eigentleg stengd, men så bestemte politiet seg for å opne vegen for folk som ville vekk. Medan vegen var open kom kjemperaset som tok ein bil.

Ras Jølstravatnet

LEITEAKSJON: Framleis held på leitinga etter ein mann i 50-åra som vart tatt av raset.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det stadfestar lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske.

Torsdag blir ein miniubåt sett inn i søket etter bilføraren, ein mann i 50-åra, som framleis er sakna.

– Det var ein periode der også denne vegen vart stengt i den mest ekstreme fasen av ras på nordsida av E39. Etter ei stund letta vêret, vi hadde ganske stort press på oss fordi folk ville ut av området Vassenden, seier lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske.

Torsdag kveld beklagar politiet i ei pressemelding at vegen vart opna.

– At vegen vart opna fekk eit svært tragisk utfall, noko ein beklagar sterkt, skriv Fiske i pressemeldinga.

Lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske, beklager at veien ble åpnet.

Lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske, beklager at veien ble åpnet.

Geolog vurderte vegen

Fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet fungerer som omkøyringsveg i området. Ein geolog hadde køyrt vegen, og gav i fylgje Fiske tilbakemelding om at det var trygt så langt geologen kunne vurdere. Då tok politiet avgjerda om å opne.

Dag Fiske

KREVJANDE DAGAR: Dag Fiske er lensmann i Sunnfjord.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Også to bussar fekk beskjed om å køyre den smale og svingete fylkesvegen.

– Då laga vi ei mellombels opning for folk som ikkje høyrde til på Vassenden. Det blei opna og trafikken gjekk derifrå. Då skjedde ulukka, seier Fiske.

Lovar gjennomgang av vurderinga

– Det er heilt klart at dette må vi gå gjennom i og med at det har skjedd ei tragisk hending, men vi må ta høgde for at det var ein uoversiktleg situasjon i området. Det vart gjort mange vurderingar, og vi må sjølvsagt sjå på saka i ettertid, seier Fiske.

Svenn Egil Finden

VISER TIL POLITIET: Avdelingsdirektør i Vegvesenet, Svenn Egil Finden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier det er politiet som må kommentere avgjerda om å opne vegen midlertidig.

– Vi var i kontakt med politiet og geolog var på staden. Det vart gjort vurderingar i tråd med geolog, og vegen vart stengt på Kjøsnes ved nordenden av Jølstravatnet.

Finden opplyser at vegen heile tida var stengt i nordenden av Jølstravatnet, og at det var politiet som gjorde ei vurdering om å sleppe ut bilane på Vassenden-sida.

– Dette er ei tragisk sak, og eg tenker på dei pårørande, seier Finden.