Mann i 50-åra antatt omkomen etter ras

Politiet stadfestar at ein bil vart teken av raset på sørsida av Jølstravatnet tysdag kveld. Ein mann i 50-åra er sakna og antatt omkomen.

Raset

RAS: Politiet har no stadfesta at ein bil vart teken i raset på fv. 451 tysdag.

Foto: Bård Siem / NRK

Politiet har fått bekreftande opplysningar om at ein bil er tatt av jordskredet som gjekk over fylkesveg 451 ved Årnes på sørsida av Jølstravatnet tysdag kveld like før klokka ni.

– Vi har no starta søk etter antatt omkomen person, fortel innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes til NRK like etter klokka 17 onsdag ettermiddag.

Han fortel at dei har fleire vitneobservasjonar på at mannen vart teken av raset og ført ut i vatnet.

Det er grunn til å tru at den sakna mannen køyrde bilen, opplyser politiet i ei pressemelding. Politiet er i kontakt med mannen sine pårørande.

Vanskelege søkeforhold

I går vart det gjort overflatesøk i området ved Årnes i Jølster utan resultat. No har politiet fått stadfesta at det var ein bil i raset.

– Vi har henta inn vitneopplysningar som fortel at ein bil køyrde inn i raset då det kom. Ein mann er meldt sakna, og vi har derfor konkludert med at det er han som har køyrt bilen og er sakna på staden, seier Wenche Hope i Vest politidistrikt til NRK.

Politiet opplyser at søket er vanskeleg grunna store jordmassar i vatnet, men vêr- og lysforholda er betre enn i går.

– Søket held fram med alle tilgjengelege ressursar. I første omgang frå lufta, men også frå båtar på vatnet, fortel Hope.

Grunna rasfare på sørsida er det ikkje forsvarleg å sende ned dykkarar eller småbåtar tett på land, skriv politiet i pressemeldinga.