Melde seg ut av Høgre i protest mot «solospel»

– Dette har ikkje noko med partipolitikk å gjere, det handlar om at eg ikkje har tillit til ordføraren.

Kjell Navelsaker

PROTEST: Kommunestyremedlem Kjell Navelsaker melder seg ut av Høgre, og vil sitje ut perioden som uavhengig representant.

Foto: Seline Larsen / NRK

Høgrepolitikar i Sunnfjord, Kjell Navelsaker har meldt seg ut av partiet etter det han meiner har vore eit «solospel» frå den nyvalde ordføraren i Sunnfjord kommune, Olve Grotle (H).

– Eg kan ikkje stille meg bak ein person eg ikkje stolar på, seier Navelsaker.

Etter valet måndag 9. september starta forhandlingane om kven som skal styre den nye storkommunen. Der vart det bestemt at Grotle blir ordførar. Avtroppande fylkesordførar Jenny Følling (Sp) fekk varaordførarvervet.

Navelsaker var ikkje til stades då avtalene vart gjort, trass i at han sit i forhandlingsutvalet til Høgre.

– Frå valkvelden og fram til forhandlingane var ferdige, har eg omtrent ikkje vore involvert i det heile i beslutningane som er tekne, seier Navelsaker.

Dårlege prosessar

Navelsaker meiner det har vore ein dårleg prosess og er frustrert over at dei ikkje vart involverte.

– Når Olve Grotle går ut og seier at varaordførerlønn er drøfta i partiet, så stemmer ikkje det. Det har ikkje vore drøfta i det heile, verken 100 prosent lønn eller 75 prosent lønn. Desse utspela er reine soloutspel, og vi har ikkje vore informerte, seier han.

Navelsaker har ein plass i kommunestyret og vil sitje ut perioden som uavhengig representant. Han seier at det er uaktuelt å melde seg inn att i partiet.

– Dette går på mitt eige samvit. Eg vil stå for ærlegheit, involvering og skikkelege prosessar, og det gjer eg ikkje viss eg stiller meg bak dette, fortel han.

Ikkje åleine

Eivind Standal Husabø

NOK ER NOK: Eivind Husabø vurderte å melde seg ut då Venstre gjekk i regjeringssamarbeid med Frp, og meiner at partiet nasjonalt har svikta Førdefjorden.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er fleire grunnar, men dette var dråpen som fekk begeret til å renne over, seier venstrepolitikar i Sunnfjord, Eivind Husabø.

Også han har meldt seg ut av partiet sitt etter dramatikken rundt varaordførarstillinga. Han sat ikkje sjølv i forhandlingsutvalet, men meiner at avtalene som vart gjort i dei seine nattetimane, om at varaordføraren skulle inn i ei hundre prosent stilling, gjekk på tvers av det som hadde vore bestemt tidlegare om eit 30 prosent varaverv.

– Det som var feil i denne saka er at det sit nokre få politikarar som vedtek ei viktig sak som får følgje for kommuneøkonomien og eit stort innbyggjartal, seier Husabø.

Er nøgde med forhandlingane

Olve Grotle

LEITT: Sunnfjord-ordførar Olve Grotle forsvarer forhandlingane om ordførar- og varaordførarvervet i Sunnfjord kommune.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Det er leitt at Navelsaker har meldt seg ut, men eg er usamd i det han seier, fortel ordførar Olve Grotle.

Han seier saka har vore drøfta i den nye kommunestyregruppa, der også medlemer av forhandlingsutvalet er med, og at dei er godt nøgde med prosessen i forhandlingane gjeve tida dei hadde til rådvelde.

– Forhandlingsutvalet har vore konsultert fleire gonger, seinast same dag som avtala vart inngått, og resultatet er i tråd med det vi gjekk for. Under sjølve forhandlingane deltok òg heile forhandlingsutvalet, sjølv om to av medlemmene kom til etter kvart, seier Grotle.

Han fortel at dei gjerne kunne ynskt seg betre tid til konsultasjonar, men at tida ikkje gav rom for det.

– Slik er det i forhandlingar. Avtalen er underskriven av alle, og vi hadde òg kontakt med eit fleirtal av kommunestyregruppa før dette blei gjort, seier Grotle.