Hopp til innhold

Varaordførar Jenny Følling får ikkje millionløn

FØRDE (NRK): Jenny Følling (Sp) får ikkje millionløn. Det kom fram på ein pressekonferanse i dag.

Jenny Følling på dagens pressekonferanse

UNDER MILLIONEN: Jenny Følling kjem ikkje til å få millionløn. Det kjem fram under dagens pressekonferanse.

Foto: Bård Siem / NRK

I går hausta dei massiv kritikk for det mange oppfatta som eit høgt lønsnivå til varaordførar Jenny Følling (Sp) i nye Sunnfjord kommune.

Det fekk mange til å reagere. Då Fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune hadde saka oppe til handsaming i november i fjor, vart det vedteke at varaordføraren si løn skulle avgjerast ut frå ordføraren si løn. I og med at Følling vart tilbydd full stilling, låg ho an til å få same løn som ordføraren si løn: 1,3 millionar kroner.

Etter ein kraftig mediestorm rundt saka, kalla ordførar Olve Grotle (H) i dag inn til pressekonferanse på rådhuset i Førde. Hovudbodskapen hans var no at Følling si løn skal vere på berre 75 prosent av ordføraren si løn.

– Vi har aldri avtalt noko løn for varaordføraren, seier han.

– Men i Fellesnemnda sitt vedtak frå november i fjor går det fram at varaordføraren si løn skal avgjerast ut frå stillingsprosent og ordføraren si løn?

– Det er rett, men det ligg ikkje noko eige vedtak om varaordføraren si løn, seier Grotle.

– Kvifor har de brukt over eit døgn med å avklare varaordføraren si løn?

– Dette kom ut i media i massivt omfang og vi har teke fatt i det i dag. Mange vil sikkert hevde at dette ikkje den beste mediehandteringa frå vår side. Vi må vere ærlege på at vi ikkje har vore gode nok, seier han.

– Har du forståing for at folk kan oppfatte det slik at de reduserer Følling si løn på grunn av mediepress?

– Som sagt så har vi no kome fram til ei god ordning, seier Grotle, utan å ville svare meir på spørsmålet.

Blir endeleg bestemt av kommunestyret

Løna vil bli endeleg bestemt av det nye kommunestyret i Sunnfjord. Fleirtalet presenterte i dag ein modell som vil bety ei løn på om lag 945.000. Det er altså 75 prosent av ordførarløna, og same modell som nye Vestland vil bruke.

Det er venta at Følling får rundt 100.000 kroner i godtgjersle frå verv i fylkestinget, der ho er valt inn. Dette vil verte frådrag på løna ho får frå Sunnfjord kommune. Den reelle utgifta for kommunen vert i så fall på om lag 845.000 kroner.

Opprørt Følling

Olve Grotle under pressekonferansen

PRESSA: Olve Grotle (H) og Gunn Merete Paulsen (V) møtte pressa, saman med Jenny Følling.

Foto: Bård Siem / NRK

Eit stund ute i pressekonferansen dukkar hovudpersonen sjølv, Jenny Følling, opp. Ho er tydeleg irritert over korleis saka blir framstilt i media.

– Denne saka har kome heilt ut av proporsjonar. Godtgjersla mi har aldri vorte fastsett. Det er komande kommunestyre som skal avgjere godtgjersla, seier ho.

– Men ligg det ikkje i korta at løna di ville kome på 1,3 millionar kroner, når det står i avtalen frå november 2018 at du skal ha prosentvis løn av det ordførar Grotle får. Du er tilbydd full stilling, og Grotle si løn er på 1,3 millionar kroner. Kva seier du?

– Fellesnemnda har ei tilråding, men det nye kommunestyret bestemmer nivået på godtgjersla.

– Ditt eige parti Senterpartiet argumenterte for at 30 prosent var det rette då saka var oppe i november i fjor. Kva kommentar har du til det?

– Fellesnemnda er eit førebuande organ og det vart gjort andre vurderingar i dei forhandlingane som var. Dette fordi vi såg at det var behov for to fulle stillingar, seier Følling.

NRK ville gjerne stille Følling mange nye spørsmål, men ho valde å avbryte intervjuet. Eit sentralt spørsmål vi ikkje fekk svar på frå Følling var følgjande: Kvifor gjekk du ikkje allereie i går tidleg ut og sa at lønna di ikkje ville bli på 1,3 millionar kroner, dersom dette var feil?

Ap stiller seg uforståande

Helge Robert Midtbø (Ap) stiller seg totalt uforståande til det Grotle og Følling seier.

– I forhandlingane med Senterpartiet diskuterte vi stillingsprosent for varaordføraren og kor mykje dette ville utgjere i utgifter for kommunen. Hadde vi fått ein varaordførar i full stilling med 30 prosent av ordføraren si løn, ville vi sjølvsagt takka ja, seier han.

Jenny Følling og Helge Robert Midtbø

STILLER SEG UFORSTÅANDE: Kvifor gav ikkje Jenny Følling (Sp) og Olve Grotle (H) beskjed med ein gong dersom vi tok feil i høve til varaordførar si løn, spør Helge Robert Midtbø (Ap).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Midtbø meiner Følling og Grotle prøvar å vri seg unna ansvaret for det som har skjedd.

– Alle ser kva som har skjedd her. No prøvar dei å vri seg unna. Kvifor gav dei ikkje beskjed med ein gong dersom Arbeidarpartiet hadde oppfatta dette feil, seier Midtbø.

Slik svarer Følling på dette.

– Eg oppfatta ikkje at vi har ulik forståing. Vi tilbaud hundre prosent stilling som varaordførar for Ap. Vi var opptatt av å ha to heiltidspolitikarar.

Ho held fram:

– Vi har aldri tatt stilling til løn. Det har vi aldri vurdert. Det handla om stillingsprosent.